Utan alvor?MigrasjonTrygve RefsdalEi ny debattbok, , var tema for eit intervju i førre utgåve av Dag og Tid. Boka er redigert av Sven Erik Omdal og har innlegg frå 21 forskarar, politikarar og debattantar frå dei nordiske landa. I artikkelen heiter det at

Publisert

Ei ny debattbok, Skandinavisk uro, var tema for eit intervju i førre utgåve av Dag og Tid. Boka er redigert av Sven Erik Omdal og har innlegg frå 21 forskarar, politikarar og debattantar frå dei nordiske landa. I artikkelen heiter det at boka tek dagens uro kring innvandring «på alvor».

Eg har eit anna syn. Kvifor er det ingen omtale av heilt sentrale utfordringar knytte til dagens migrasjon? Me ser oss sjølve, men ser ikkje «dei andre».

Til grunn for boka ligg det som skjedde i 2015, rekordmange menneske søkte då asyl i Europa, dei fleste frå Afrika og Midtausten. Det vert kalla ei «folkevandring». Men i mi verd skjer ei «folkevandring» berre når ein betydeleg del av eit folk dreg frå heimlandet.

Talet på migrantar og flyktningar, nær 1,4 millionar menneske, er sjølvsagt høgt. Men sett inn i ein samanheng, sett nedanfrå, er det eit lågt tal. Berre i Afrika bur det no nær 1300 millionar menneske, og kvart år aukar folketalet med 31 millionar, om lag 2,5 prosent.

Migrasjonsflaumen frå Afrika til Europa i 2015 stod for berre ein halv promille av folketalet der. Det var inga «folkevandring». Dei aller, aller fleste vert buande i heimlandet eller i regionen sin. Sett nedanfrå og innanfrå gjev nemninga «elitevandring» eit meir korrekt bilete av det som skjer.

Ja, me må ta på alvor det som skjer. I afrikanske land, som eg kjenner best, skjer ei verkeleg «folkevandring». Ho går frå landsbygda til byen, frå det tradisjonelle livet på bygda til det moderne og det urbane. Fyrste steg i denne folkevandringa går gjerne til mindre byar, så til større byar, så til metropolar og hovudstader, der dei store pengane finst, og der karrierar kan byggjast. Fyrst då er det kanskje tid for neste etappe, til Europa og Vesten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement