USAs feilgrep?ISRAELBJARNE GJERMEVOSSRedaktør Svein Gjerdåker er ein av mange som kritiserer USA og Israel, og skriv i Dag og Tid 8. desember at det er svært uheldig at USA flyttar ambassaden til Jerusalem og godkjenner at Jerusalem er Israels hovudstad. H
Redaktør Svein Gjerdåker er ein av mange som kritiserer USA og Israel, og skriv i Dag og Tid 8. desember at det er svært uheldig at USA flyttar ambassaden til Jerusalem og godkjenner at Jerusalem er Israels hovudstad. Han skriv også at Israel har okkupert og annektert Aust-Jerusalem i strid med folkeretten.
Det er ufatteleg at så mange i den vestlege opplyste verda trur på dei islamske mytane om Israels ulovlege okkupasjon og brot på folkeretten. Israel sitt folkerettslege grunnlag vart lagt av dei sigrande maktene ved avslutninga av den første verdskrigen. Etter Balfour-deklarasjonen i 1917 vart det ei rekkje mindre konferansar fram til vedtaka i Paris i januar 1920, og i San Remo i Italia i april same år. Noreg fekk då suverenitet over Svalbard, med meir. Den største endringa var at det tyrkiske imperiet hadde gått i oppløysing. Britane og franskmennene fekk då mandat over kvar sine deler med føremål å oppretta sjølvstendige statar. Det eine av britane sine område, kalla Palestina, skulle verta nasjonalheim for jødane. Det var desse vedtaka som vart gjeldande folkerett, og det heile vart stadfesta av Folkeforbundet i 1922. Britane skulle leggja til rette for jødisk innvandring og tett busetnad for jødane i dette området.
Britane kom fort under sterkt press frå islamistiske krefter i området, ein kunne ikkje tola ein stat av vantruande i eit område som i mange hundre år hadde lege under islam. Britane sin politikk i mandattida vart forma av dette. Dei la sterke restriksjonar på den jødiske innvandringa, noko som vart handtert sers umenneskeleg då andre verdskrig nærma seg. Derimot kunne arabarar strøyma til nokså fritt, og presset auka. Staten Transjordania (den andre sida av Jordanelva), seinare Jordan, vart delt frå. Men etableringa av den jødiske staten vart trenert. I november 1947 laga FN ein delingsplan for den siste fjerdedelen. Jødane godtok også denne med atterhald om at arabarane gjorde det same. Men arabarstatane godtok det ikkje, og svara med krig då staten Israel vart etablert i mai 1948. Denne delingsplanen vart såleis ingen folkerett.
Derimot okkuperte staten Jordan områda Judea og Samaria, som dei då kalla Vestbreidda, og jødane måtte vekk. For første gong på meir enn 3000 år vart Jerusalem tomt for jødar, etter at 25000 jødar vart drivne ut av byen. I dei 19 åra fram til 1967 vart mellom anna 58 synagoger raserte, og 38000 jødiske graver vandaliserte.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.