USA blandar seg òg inn i andre lands valPolitikkEinar Kringlen AskerFor ikkje lenge sidan kunngjorde spesialrådgivar Robert Mueller at 13 russarar og tre firma, leia av russiske forretningsfolk nær knytte til Kreml, hadde brukt sosiale medium til å angripe

«Gloriosa Victoria», den mexicanske murmålaren Diego Riveras kommentar til det CIA-leidde kuppet mot president Jacobo Árbenz i Guatemala i 1954.
«Gloriosa Victoria», den mexicanske murmålaren Diego Riveras kommentar til det CIA-leidde kuppet mot president Jacobo Árbenz i Guatemala i 1954.
Publisert

For ikkje lenge sidan kunngjorde spesialrådgivar Robert Mueller at 13 russarar og tre firma, leia av russiske forretningsfolk nær knytte til Kreml, hadde brukt sosiale medium til å angripe Hillary Clinton, stive opp Donald Trump og så krangel i amerikansk politikk.

USA har drive med den same politikken i fleire tiår, eigentleg heilt sidan CIA vart oppretta i 1947, med plakatar, pamflettar, banner, brev og sjølvsagt pengar.

Det tok til i Italia på slutten av 1940-talet med støtte til ikkje-kommunistiske politikarar der dollaren dekte utgiftene til aktørane. Ein prøvde, ofte med hell, å få kontroll med aviser og TV-stasjonar slik at støtte kunne bli gitt til dei «rette» politiske kandidatane. Av og til var informasjonen ein fekk inn i media, opplysande og rett, men ofte var han falsk.

CIA hjelpte til med å kaste leiarane i Iran og Guatemala i 1950-åra. Brutale antikommunistiske regime i Latin-Amerika, Afrika og Asia vart støtta, og USA stod bak mord på demokratiske leiarar som Allende.

I 1996 blanda USA seg inn i valet i sjølve Russland. Ein var redd for at Boris Jeltsin ikkje skulle bli vald som president, og at ein kommunist av den gamle skulen skulle overta. Ikkje berre gjekk USA inn for eit stort lån til Jeltsin frå Det internasjonale pengefondet, men eit team av amerikanske rådgivarar var på plass med sin assistanse. Jeltsin stod for demokrati og fridom, ifylgje amerikansk politikk, noko som mange kunne tvile på.

Ved valet i Serbia i 2000 forsøkte USA ope å hindre at nasjonalistleiaren Slobodan Milosevic vart vald. Og gjennom dei seinare åra har USA støtta motstanden i Russland mot Vladimir Putin. The National Endowment for Democracy gav over 20.000 dollar til ein russisk organisasjon i 2006, ein organisasjon knytt til Aleksej Navalnyj, som vart Putins hovudmotstandar nokre år seinare. I 2016 gav den same organisasjonen fleire millionar dollar til russiske aktivistar for demokrati. Kva CIA har gjort i kampen mot Putin dei siste åra, veit vi lite om – enno.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement