Urkrigen
Det mest interessante med essayet til Morten Strøksnes, er det han ikkje skriv.
Dag og Tid 22. mars.
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Samandrag
Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP
Gaza-krigen
Stor takk til Morten A. Strøksnes som vågar å skriva langt og grundig om omstridde tema. I essayet om Israel/Palestina får han med både den fjerne og den nære historia. På mange vis er dette ein urkonflikt der dei fleste har mista trua på ei fredeleg løysing, mest fordi krigen har vorte heilag for båe sider. Det mest fasinerande er korleis konflikten tvingar oss til å ta stilling, sjølv om dei færraste av oss har grunnlag for å ta eit rasjonelt val. Sympatiar og antipatiar styrer oss i den eine eller hi leia, så vert me fanga av eigne standpunkt, og situasjonen er fastlåst.
I den samanheng er det mest interessante med essayet til Strøksnes det han ikkje skriv. Han nemner stormuftien av Jerusalem, Amin al-Husseini, som sjølvsagt ikkje har ansvaret for holocaust. Men i denne rolla samla han frå 1921 arabisk religiøs og verdsleg makt for regionen. I utgangspunktet var han motstandar av ein liten palestinsk stat og ynskte heller ein større panarabisk stat. På grunn av krigen flykta han til Berlin i 1941, og der hadde han radiosendingar på arabisk, med eit tydeleg antisemittisk innhald. Han rekrutterte muslimske soldatar til SS-avdelingar i Bosnia. Etter krigen vart han internert i Frankrike, men rømde til Damaskus. Han avviste konsekvent alle framlegg om ein jødisk stat, inkludert FN-resolusjon 181 frå 29. november 1947. Og han har vore ein viktig inspirator for Fatah, Hamas og PIJ.
Palestina-venene
Strøksnes skriv ein del om sionistar, men ingenting om Palestina-venene. Palestinakomiteen har lenge vore dominert av marxistar frå AKP (m-l) og står sterkt i Raudt og SV. Kan det vera noko meir enn asymmetriske makttilhøve som er grunnlag for denne sympatien? Kanskje er han meir ideologisk, tufta på antipatien mot USA og deira kamp mot kommunismen? Og så smittar kritikken av vestleg imperialisme over på Israel? Det sentrale spørsmålet er kva slags Israel dei kan godta, geografisk og politisk.
«Norsk naivisme frå Trygve Lie til Espen Barth Eide er ein stor del av problemet.»
Krig har lenge vore normalen på Gazastripa. Då Israel trekte seg ut i 2005 og 8000 busetjarar vart tvangsflytta, vona ein å byta land mot fred. Tida etterpå har synt at det var naivt, og det er truleg viktigaste årsak til at opinionen i Israel har snudd. Gaza har hatt kraftig folkevekst frå 250.000 i 1950 til nær ti gongar så mange i dag, 1990: 650.000, 2010: 1,5 millionar. 70 prosent av innbyggjarane er under 25 år, og framskriving dei neste 30 åra gjev ei ny dobling av folketalet. Såleis er Gaza ei demografisk bombe, uansett nasjon og grenser.
Palestinarar som er intervjua etter 7. oktober 2023, omtalar dei drepne israelarane og gislane som kolonistar og okkupantar, trass i at knapt nokon var busetjarar frå Vestbreidda. Tyder ikkje dette på at Hamas-doktrinen om «frå (Jordan)elva til havet» er ganske godt innarbeidd, og at det dimed ikkje er plass for Israel? Kor er dei moderate palestinarane som stør to statar?
Mykje tyder på at deltakinga til PLO / Yasir Arafat under Oslo-avtalen og dei seinare amerikanske meklingane berre var spel for galleriet. Doktoravhandlinga i historie av president Mahmoud Abbas frå Moskva i 1982 er utvilsamt antisemittisk og opnar ikkje for ein jødisk stat. Det muslimske jødehatet er 1400 år gamalt og er berre forsterka etter 1948 og 1967. Det er eit hat så intenst at det finn vegen heilt til 8. mars-tog i Oslo.
Kanskje var FN-vedtaket i 1947 ein historisk tabbe, og Odd Karsten Tveit jamfører det med München-avtalen i 1938. Arabarane kunne ikkje godta at staten Israel vart oppretta, uansett deling og grenser, jf. tidlegare britiske framlegg. Det måtte enda i krig, og det mest overraskande var at arabarstatane ikkje klarte å jaga jødane på havet i 1948.
Hamas avliva tostatsløysinga
Om ikkje tostatsløysinga var daud før 7. oktober, vart ho brått avliva av Hamas. At ansvarlege politikarar framleis ikkje vil innsjå dette, er feigt. Norsk naivisme frå Trygve Lie til Espen Barth Eide er ein stor del av problemet. Då FN vedtok det umogelege i 1947, skapte fleirtalet ein gordisk knute. Mindretalet ville ha ein felles stat, men det er ikkje lenger eit alternativ, til liks med eit utal av avtaleutkast som palestinarane har avvist.
Ein palestinsk stat i dag vil ikkje vera økonomisk levedyktig. Til det er næringsgrunnlaget altfor svakt, og den eksplosive folketilveksten gjer det umogleg å brødfø så mange. Difor tilseier realpolitikken at palestinarane aldri kan få sin eigen stat, men heller må finna seg til rette i Egypt, Jordan, Syria, Libanon og Israel. Og det er det den palestinske leiarskapen som må ta hovudansvaret for.
Fleire artiklar
Skodespelar Svein Tindberg flettar saman eigne barndomserfaringar med 4000 år gamle forteljingar frå Bibelen.
Foto: Marcel Leliënhof
Høgaktuelle forteljingar frå Midtausten
Trur vi Bibelen er ei utdatert bok, tek vi feil. Svein Tindberg syner korleis gamle jødisk-kristne soger talar til vår eksistens no når bombene fell mellom folkeslag.
Foto: Dag Aanderaa
Pyntesjuke og luksuslov
Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.
Miridae, ei bladtege med oval form.
Foto: via Wikimedia Commons
Levande innsikt om døyande insekt
Ein optimistisk tone råder i ei tettpakka faktabok om dystre utsikter for insekta.
Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.
Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB
Pengegaloppen i ferjetoppen
Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»