Urettvist om Pensjonsutvalet

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Skribent Siri Helle er i førre utgåve av Dag og Tid kritisk til innstillinga frå Pensjonsutvalet trass i at den borgarlege regjeringa som tok initiativet til utvalet helst såg at det kom framlegg som ville minske pensjonskostnadene i tiåra framover. I staden kom framlegg som vil auke desse kostnadene i høg grad. Dette skjer ved at dei veike gruppene Helle er forsvarar for får mykje betre inntektssikring enn dei har no. Men dei får det på ein annan måte enn den Helle ynskjer.

Aldersgrensa for rett til alderspensjon er no 62 år. Det er truleg fleire som nyttar denne enn ein hadde venta. Dette gjev etter kvart ein så låg pensjon at mottakarane vil få ein nokså dårleg levestandard. Difor går utvalet inn for at denne låge pensjonsalderen langsamt vert auka noko, så pensjonen vert høgare ved å verte delt over færre år. Dei som er uføre, vert sikra monaleg betre trygd enn dei har no.

Helle viser til at no er over 50 prosent av reinhaldarar i alderen 55–64 år uføre. Logisk sett burde vel pensjonsalderen senkast til til dømes 50 år, om ein skulle legge avgjerande vekt på dette? Men dersom nesten 50 prosent er uføre allereie når dei no får rett til alderspensjon, vert det kanskje ikkje så mange fleire uførepensjonistar, sjølv om ein over ganske lang tid aukar pensjonsalderen nokre få år?

Etter mi meining vert det veldig feil å la ein liten del av pensjonistane som har så fysisk krevjande arbeid at dei er utslitne når dei er 62 år, avgjere når det store fleirtalet kan gå av med pensjon. Systemet bør utformast med tanke på det store fleirtalet og stimulere dette til å arbeide lengst mogeleg, slik eg ser det. Då får samfunnet økonomisk ryggrad til å finansiere trygdeordningar som også gjev dei gruppene som ikkje har helse, til å halde fram i fullt arbeid til dei kan verte pensjonistar med rimeleg god inntekt.

Helle skriv at pensjonsframlegget burde «tatt seg tid til å sjå på trongen for pensjon blant ulike yrkesgrupper». Kva kunne det i så høve ha ført til? Skulle ulike yrkesgrupper ha hatt ulik pensjonsalder? Kva med dei reinhaldarane som ikkje er utslitne før pensjonsalderen? Skulle ein heller gjere den alminnelege pensjonsalderen lågare av omsyn til gruppene med høg arbeidsbelastning?

Helle skriv vidare at skal «fleire stå lenger i jobb, må arbeidsdagane iallfall ikkje verte meir krevjande – for dei aller fleste bør dei verte mindre krevjande». Eg trur det er ynskjetenking å tru at utviklinga vil snu i den lei Helle ynskjer. Det er nok det at ein arbeider meir intenst og effektivt som i monaleg grad har ført til auka produksjon og levestandard. Etter kvart som ein stendig større del av folket vert pensjonistar, er det urealistisk å satse på eit mindre krevjande arbeidsliv. Men for slitarane kjem det etterkvart tekniske hjelpemiddel som mellom anna kan gje færre tunge lyft, slik at færre får muskel- og skjelettplager.

Mitt råd er at samfunnet i staden bør stimulere folk til å leve sunnare når det gjeld kosthald og mosjon. Dette vil kunne hjelpe folk til å kunne stå lengre i arbeidslivet. Det er kjent at dei veike gruppene Helle er talerør for, ofte lever lite sunt på dei omkverva eg nemnde.