Universitetsjåleriet: Hagtvet i slett lune og på ville vegarNamnKristian BogenFor eit par veker sidan lada Bernt Hagtvet begge løpa på hagla si og brente av eit dobbeltskot mot dei nye universiteta generelt og OsloMet – storbyuniversitetet – spesielt (Dag

Publisert

For eit par veker sidan lada Bernt Hagtvet begge løpa på hagla si og brente av eit dobbeltskot mot dei nye universiteta generelt og OsloMet – storbyuniversitetet – spesielt (Dag og Tid 10. august 2018). Eg skal la namnedebatten ligge, men synes ikkje han skal sleppe like lett unna med å harselere kring etableringa av dei to nyaste universiteta i Noreg.

Ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN) har vi nett vore gjennom ein særs krevjande og lærerik prosess på vegen mot universitetsstatus, og det er vanskeleg å forstå Hagtvets bruk av omgrep som «tom universitetsstatus» og «stankelbeinsuniversitet». Her har han sove godt og lenge i timen. Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (Nokut) driv ikkje med «sløv godkjenning på autopilot», og kriteria for universitetsstatusen har ikkje blitt «lovleg slappe». Det er tvert om. Faglege krav til einskildstudium på bachelor- og masternivå er kraftig skjerpa i 2017, og det same er tilfelle for institusjonar som søker om kategoriendring frå høgskule til universitet. Det er ikkje mogleg i dag å bli – eller stå oppreist som – universitet dersom stankelbein skulle bere byggverket. Difor er det respektlaust av Hagtvet å desavuere arbeidet som er gjort og den nyvunne statusen som, utifrå skjerpa kvalitetskrav, er nådd.

Hagtvet skyt òg på «suksessive regjeringar» som har viska ut arbeidsdelinga mellom universitet og høgskular. Ja, det er utfordrande å vere likestilt med dei gamle, økonomisk velfødde universiteta som til dømes Universitetet i Oslo. Vi er lagde inn under same lov, skal konkurrere om dei same pengane på forskingsarenaene og blir stilt høge krav til langs dei same parametrane som desse. La meg difor nemne eitt døme på kvifor det er viktig å vere universitet, og det er underleg at internasjonalisten Hagtvet ikkje ser det. Krava til å hente eksternfinansierte forskingsprosjekt internasjonalt, til dømes frå Horisont 2020, er skyhøge. For å lukkast på slike arenaer må ein ha internasjonale samarbeidspartnarar. Ein norsk høgskole, eit «university college», veit vi er lite interessant som samarbeidspartnar for gode internasjonale universitet.

Norske høgskular og universitet høyrer til i same system. Behovet for mangfald i høgre utdanning kjem i dag til uttrykk gjennom diversifisering institusjonane imellom og med stendig strengare krav til kvalitet. Forskingsbasert utdanning er fellesnemnaren for alle institusjonane, men forskingsinnretninga vil variere. Dette kjem òg klart til uttrykk i EUs moderniseringsagenda for høgre utdanning: «There is no single excellence model: Europe needs a wide diversity of higher education institutions, and each must pursue excellence in line with its mission and strategic priorities».

Difor, om Hagtvet med «akademisering» meiner auka merksemd på forsking for å få fram ny og aggregert kunnskap innanfor til dømes sjukepleiefaget, er eg av den oppfatning at er det fagfelt som treng – og fortener – ein sterkare forskingsbasert kunnskapsallmenning, så er det nett yrkes- eller profesjonsfag som lærar- og helsefagutdanningane. Vi er særs merksame på faren som ligg i å miste fotfestet i god praksis samstundes som ein skal bygge opp forskingsbasert kunnskap, og det er ikkje lett å avle fram professorar som har gått vegen via arbeid i sjukeheimar og klasserom. Likevel, vi syter for at vitskapsbasert kunnskap og god praksis går hand i hand og blir likestilte i utdanningsprogramma.

Hagtvet synest heller ikkje å ha særleg tillit til andre enn universitetet i hovudstaden når det gjeld evna til å ta vare på danninga av komande generasjonar. Kva veit han om det? Eg kan forsikre Hagtvet om at dette blir teke godt vare på både i Drammen og i Midt-Telemark. Utdanningsprogramma våre gir særs gode høve for å drøfte relevante tema i denne viktige oppgåva.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement