JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

«Universitetsjåleri»?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

2351
20180817
2351
20180817

Akademia

I Dag og Tid 10. august har Bernt Hagtvet ein kommentar til det han kallar «universitetsjåleriet», særleg retta mot det nye «OsloMet», der leiinga meiner at skal ein ha internasjonalisering, må engelsk vere hovudmål for satsinga, ikkje norsk. Hagtvet er også kritisk til at tidlegare høgskular dei siste åra har jaga etter det han kallar «tom universitetsstatus», og at dei har brukt utruleg mykje tid og pengar på det. New public management slår gjennom. Det har han sikkert mykje rett i. Men argumenta hans byggjer diverre på to tvilsame premissar.

For det fyrste hevdar Hagtvet at dei tidlegare høgskulane stod for opplæring i «yrkesfag», og at dette gav dei ein identitet som no risikerer å bli øydelagd av dårleg «akademisering». For det andre skriv han at «heile universitetsideen» er blitt forflata, ikkje minst fordi «distriktsinteressene vinn kvar gong». Slik kan det sjå ut frå Universitetet i Oslo, men det ser ikkje alltid slik ut frå distrikta.

Hagtvet kan gi lesaren inntrykk av at «akademia» ikkje høyrer heime i yrkesfag, og at dei som driv med slikt slett, ikkje skjønar seg på akademisk språk. Sjukepleiarfaget blir (med urette) nemnt som døme. Men skiljet mellom yrkesfag og akademisk verksemd var (og er) ikkje så enkel, verken på universitet eller på høgskule. Det verkar nesten som om akademisk tradisjon for Hagtvet berre høyrer til i dei gamle, aktverdige universiteta i storbyane.

Her stør han seg på Stjernø-utvalet. Men dei som sat i det utvalet, var ikkje negative til akademia i Distrikts-Noreg. Utvalet peika mellom anna på at ein kunne bruke universitetsomgrepet slik som i delstatar i USA, der statsuniversitet ofte er bygde opp av sjølvstendige institusjonar, på små og store campusar, med eller utan doktorgradar, i ein større statleg heilskap. Slik blei det ikkje. Hadde vi fått til det, hadde store summar blitt sparte og universitetsideen kunne ha blitt styrkt i både by og land. Slik det skal vere.

Hagtvet sluttar med ein freistnad på å vere morosam. Etter hans meining har Distrikts-Noreg no forflata universitetsideen slik at kan hende blir «Gvarv neste». Det sparket kunne han ha spart seg. Den nye «Midt-Telemark kommune» har alt sin universitetscampus, som han veit. Det Hagtvet kallar «utholing» av universitetsideen, treng ikkje vere distrikta si skuld.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis