Universitetet – kva skal vi med det?UtdanningGunnar SkirbekkBergenOpe brev til Iselin Nybø (V) og Torbjørn Røe Isaksen (H)
Gunnar Skirbekk skriv eit ope brev til minister for forsking og høgare utdanning Iselin Nybø og Torbjørn Røe Isaksen.
Ole Berg-Rusten / NTB scanpix
Ope brev til Iselin Nybø (V) og Torbjørn Røe Isaksen (H)
Igjen har vi ein diskusjon om organiseringa av universitetet. Igjen har vi eit initiativ frå politisk hald om eventuelt å gjere universiteta meir marknadstilpassa og nytteorienterte ut frå ein eindimensjonal definisjon av nytte.
Derfor er det igjen nødvendig å stille det enkle og avgjerande spørsmålet: Universitetet – kva skal vi med det?
Kort sagt: Kva er det universitetet kan, som er viktig, og som universitetet kan betre enn andre?
Eit nærliggjande svar er dette: fri grunnforsking, og på det grunnlag, undervisning, rådgiving og deltaking i offentleg ordskifte i ulike fora.
Men det er meir enn som så: Eit fullverdig universitet består av eit mangfald av fag, frå naturvitskapar og samfunnsvitskapar av ulikt slag, til humaniora, psykologi, medisin og jus. I motsetnad til ein-faglege forskingssentra og få-faglege høgskular.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.