Unge, nyutdanna lærarar er blant vinnarane i tariffoppgjeret
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Helle Christin Nyhuus, leiar av Norsk lektorlag, har eit innlegg i Dag og Tid 24. juni om tariffoppgjeret som eg gjerne vil svare på.
Tariffoppgjeret i kommunesektoren er nettopp godkjent i KS, og dei 37 fagforbunda som anbefalte meklingsløysinga. Oppslutninga om uravstemminga var rekordhøg, over 75 prosent av kommunane gav si støtte til resultatet. Tre lærarorganisasjonar seier nei og er i streik.
Lærarorganisasjonane som no streikar, målar med brei pensel at «lærarane» er taparar i dette tariffoppgjeret. Det meir nyanserte biletet er at mange tusen lærarar er blant vinnarane.
Alle unge, nyutdanna får eit kraftig lønnsløft, på opptil 30.000 kroner. Det heng saman med at all yrkeserfaring no skal telle som ansiennitet. Det vil styrke rekrutteringa, også frå privat sektor. Dette var alle partar einige om, unntatt lærarorganisasjonane. Dei ville heller prioritere dei med lengst utdanning, lengst ansiennitet og høgast løn frå før.
Disse gruppene får framleis dei høgaste kronetillegga. I tillegg får dei ei eige lønsauke frå januar på mellom 4.500 og 7.000 kroner. Garantilønna for lektorar med tilleggsutdanning og full ansiennitet vert dermed 698.000 kroner. Dei fleste har høgare lønn enn garantiløna og får også funksjonstillegg.
Frå januar får dei som arbeider turnus med helg og natt, ei solid auke i sine tillegg. Det gjeld særleg sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og anna helsepersonell. Dette vil styrke kommunane i arbeidet med å rekruttere og behalde viktig kompetanse. Dette var den klåraste prioriteringa frå dei folkevalde i kommunane til KS’ hovudstyre og forhandlarar.
Nyhuus skriv at «nesten kvar femte ’lærar’ i skulen underviser utan å vere kvalifiserte til jobben». Det er ikkje riktig.
Det er opplæringslova med forskrifter som set krav til lærarkompetanse. Lova seier at dei som vert tilsette som lærar, skal ha «relevant fagleg og pedagogisk kompetanse». Det kan vere lærarutdanning, «eller tilsvarande pedagogisk kompetanse». 96 prosent av lærarane er kvalifiserte etter lova, og resten vert berre tilsett midlertidig.
KS’ syn på lærarkompetanse er altså i tråd med nasjonale politiske rammer nedfelte i opplæringslova.
Dei som ikkje har lærarutdanning, er ikkje ukvalifiserte. Dei har relevant universitets- og høgskoleutdanning. I tillegg har dei altså pedagogisk kompetanse. Dei kan være lærarar med pedagogisk utdanning frå utlandet, eller dei kan ha vidareutdanning i spesialpedagogikk eller andre pedagogiske fag.
Dei aller fleste som underviser i skulen, har lærarutdanning. Lærarutdanninga er utruleg viktig. Kommunane har ansvaret for eit best mogleg skuletilbod til born og unge. Difor arbeider KS for å styrke rekrutteringa til lærarutdanninga og -yrket, saman med staten og lærarorganisasjonane. Tariffoppgjeret i år bidrog til det. I tillegg til lønnsløftet for alle unge, nyutdanna, går nesten alle nyutdanna grunnskulelærarar frå i år ut med 5-årig masterutdanning. Med eitt år lengre utdanning får dei automatisk eit høgare lønnsnivå. Saman med årets lønnstillegg vil dei få ei garantert startløn på 563.800 kroner.