Ulovleg måleri?OpphavsrettSverre ThuneHønefossEr det lov å laga eit måleri av ein person og stille det ut utan samtykke frå modellen?
Er det lov å laga eit måleri av ein person og stille det ut utan samtykke frå modellen?
Etter åndsverklova paragraf 45c er det ulovleg å fotografere ein person utan samtykke og stille ut fotografiet offentleg. Det kan ikkje vera større grunn til å laga eit måleri av ein person og stille det ut utan samtykke enn eit fotografi. Paragrafen bør difor kunne brukast analogisk på eit måleri som er laga utan samtykke.
Dersom det er ulovleg, kan det straffast etter åndsverklova paragraf 54 med bøter eller fengsel inntil tre månader.
Måleriet av Sylvi Listhaug på korset er lagt ut for sal, og det har kome inn mange, og høge, bod. Etter straffelova kapittel 13 bør måleriet og utbyttet kunne inndragast.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.