Uheldig særskatt av havbruk
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) (t.v.) og statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) under presentasjonen av ny grunnrenteskatt på Blaafarveværket 28. september i år.
Foto: Terje Bendiksby / NTB
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Grunnrenteskatt
Regjeringa har kome med forslag om innføring av det som vert kalla ein «grunnrenteskatt på havbruk». Det er viktig å vere merksam på at dette forslaget har ingen ting å gjere med grunnrente – det er tale om ein særskatt på produksjon av laks og aure. Skatten vil ha uheldige konsekvensar ikkje berre for næringa sjølv, men òg for framtidig verdiskaping.
Jon Hustad har i Dag og Tid 7. oktober på ein fin måte skrive om ressursrente, men ettersom mange mistydar kva dette er, er det på sin plass å presisere kva dette omgrepet representerer. I oppdrett kan det framkome ei ressursrente dersom tilgangen på høvelege lokalitetar er knapp. Dermed er det naturen sjølv som skapar knappleik. I eit slikt høve vil verdien på den marginale (minst lønsame) lokaliteten utgjere ressursrente. I tillegg vil enkelte lokalitetar kunne vere meir lønsame enn andre. Dette fordi dei er meir produktive grunna temperatur-, straum- og miljøtilhøve, større dugleik i arbeidsstokken og anna. Det vil då oppstå det ein kallar differensialrente. I fiskeria talar ein gjerne om «skippereffekten», som gjev uttrykk for noko av det same. Medan ressursrenta vil vere lik for alle lokalitetar, vil differensialrenta variere frå lokalitet til lokalitet.
Er det då slik at det er avgrensa tilgang på lokalitetar som skapar verdiar i oppdrett? Enkelte vil hugse at til for eit par tiår sidan stod apotekarane på toppen av skattelistene år etter år. Det skuldast at ein måtte ha konsesjon frå Sosialdepartementet for å etablere apotek. Få fekk løyve, slik at enkeltapotek dekte store geografiske område, med den konsekvens at apotekarane tente gode pengar.
Oppdrettsnæringa har vore regulert sidan starten. Det inkluderer konsesjonar, no kalla løyve. Grunngjevinga for desse reguleringane har variert. Det er i dag 1098 kommersielle løyve til oppdrett av laks og aure mot 991 i 2010, ein auke på berre 10 prosent på elleve år. Det er reguleringane av løyve og tillaten biomasse som er avgjerande for produksjonen, og ikkje naturen i form av avgrensa tilgang på lokalitetar. Dermed er det eventuelt tale om ei reguleringsrente heller enn ei ressursrente.
Eg har skissert kva dei ulike renteomgrepa representerer. Sjølv om ein har tilgjenge til årsrekneskap, og Fiskeridirektoratet publiserer ein oversikt over produksjonskostnadane i næringa, tal som i parentes merka er svært misvisande, er det ingen som veit kor stor reguleringsrente og differensialrente det er i norsk havbruk.
Utforminga av den nye skatten er framleis usikker, men ifylgje Finansdepartementet er det forslag om ein skatt på kontantstraumar. Det er med andre ord ikkje tale om skatt på reguleringsrente, slik at omgrepet «ressursskatt» er misvisande. Eg synest omgrepet særskatt er høveleg. I Dag og Tid 7. oktober brukte Vemund Kårstad omgrepet toppskatt, som ein og kan nytte.
Ettersom talet på løyve er regulert, har desse løyva vorte svært verdifulle, sjølv om verdien varierer med endringar i pris og kostnadar. Verdien på eit løyve har vore over 150 millionar kroner, og dette er bokført i bedriftene sine rekneskapar. Som ein konsekvens av forslaget om innføring av særskatt har verdien av oppdrettsaksjane på Oslo Børs vorte redusert med fleire titals milliardar kroner. For heile næringa er det tale om mykje meir. Verdien på løyve er òg sterkt redusert. I praksis inneber det ei overføring av store verdiar frå distrikta og næringa til Oslo. Eg vil kalle dette konfiskasjon av privat eigedom, som har likskapstrekk med sylvskatten frå nokre hundre år sidan.
Kva med framtida? Næringa vil ha mindre insentiv til å investere, inkludert i ny teknologi som kan betre miljøtilhøva, noko som vil føre til lågare vekst og verdiskaping. Ifylgje regjeringa sin havbruksstrategi, skal oppdrettsproduksjonen kome opp i fem millionar tonn per år. Det er eit paradoks at den nye særskatten vil medvirke til at ein ikkje kan nå måla i havbruksstrategien.
Laks og aure vert oppdretta i fleire land. Den nye skatten vil medføre at oppdrettsnæringa vil tape konkurranseevne internasjonalt, og bedrifter vil finne det meir lønsamt å investere utanlands. Det vil over tid redusere Noreg sin posisjon i laksemarknaden.
Jon Hustad samanliknar kraft, olje og oppdrett. Kraft og olje er in situ ressursar ein ikkje kan flytte på. Sjølv om oppdrettslokalitetar og er ein in situ ressurs, er ramevilkåra svært forskjellige frå kraft og olje. Der skjer det ei rivande teknologisk utvikling. Fleire av dei nye teknologiane er slik at Noreg ikkje har fortrinn samanlikna med andre land. Ein kan like gjerne plassere eit lukka anlegg ved kysten av Skottland som ved norskekysten. Landbasert produksjon vil kome i dei store konsumentmarknadene. Konsekvensen er at Noreg sin posisjon i denne marknaden vil kunne verte svekka over tid. Den nye særskatten vil forsterke denne utviklinga.
Trond Bjørndal er professor ved Samfunns- og næringslivsforskning (SNF) med spesialisering innan fiskeri og havbruk. Han har skrive fleire fagartiklar om ressursrente i desse næringane.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Skatten vil ha uheldige konsekvensar ikkje berre for næringa sjølv, men for framtidig verdiskaping.
Fleire artiklar
Birger Emanuelsen har skrive både romanar, essay og sakprosa etter debuten i 2012.
Foto: Christopher Helberg
Endringar til godt og vondt
Birger Emanuelsen skriv om folk slik at ein trur på det.
Me drog til månen av di det var teknologisk mogleg. Eit strålande døme på det teknologiske imperativet. Her vandrar astronaut Buzz Aldrin frå Apollo 11 rundt og les sjekklista si på venstre arm på ekte ingeniørvis.
Kjelde: Nasa
Teknologisk imperativ!
«Birkebeinerne på ski over fjellet med kongsbarnet».
Foto: Morten Henden Aamot
Eit ikonisk stykke kunst er kome heim
Medan gode krefter arbeider for å etablere eit museum for kunstnarbrørne Bergslien på Voss, har den lokale sparebanken sikra seg ein originalversjon av eit hovudverk av målaren Knud Bergslien.
Frå rettsoppgjeret i Trondheim etter krigen. Henry Rinnan på veg inn i tinghuset i Trondheim 30. april 1946.
Foto: NTB
Rett i fella
Nikolaj Frobenius tar seg altfor godt til rette i kjeldematerialet. Rinnan-romanen hans er både problematisk og uinteressant.
Handlinga i Anders Bjørgård Prytz’ første roman er henta frå bygg- og anleggsbransjen.
Foto: Agnete Brun
Jordnær realisme
All ære til Anders Bjørgård Prytz for denne romanen.