Uheldig særskatt av havbruk

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) (t.v.) og statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) under presentasjonen av ny grunnrenteskatt på Blaafarveværket 28. september i år.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) (t.v.) og statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) under presentasjonen av ny grunnrenteskatt på Blaafarveværket 28. september i år.
Publisert

Regjeringa har kome med forslag om innføring av det som vert kalla ein «grunnrenteskatt på havbruk». Det er viktig å vere merksam på at dette forslaget har ingen ting å gjere med grunnrente – det er tale om ein særskatt på produksjon av laks og aure. Skatten vil ha uheldige konsekvensar ikkje berre for næringa sjølv, men òg for framtidig verdiskaping.

Jon Hustad har i Dag og Tid 7. oktober på ein fin måte skrive om ressursrente, men ettersom mange mistydar kva dette er, er det på sin plass å presisere kva dette omgrepet representerer. I oppdrett kan det framkome ei ressursrente dersom tilgangen på høvelege lokalitetar er knapp. Dermed er det naturen sjølv som skapar knappleik. I eit slikt høve vil verdien på den marginale (minst lønsame) lokaliteten utgjere ressursrente. I tillegg vil enkelte lokalitetar kunne vere meir lønsame enn andre. Dette fordi dei er meir produktive grunna temperatur-, straum- og miljøtilhøve, større dugleik i arbeidsstokken og anna. Det vil då oppstå det ein kallar differensialrente. I fiskeria talar ein gjerne om «skippereffekten», som gjev uttrykk for noko av det same. Medan ressursrenta vil vere lik for alle lokalitetar, vil differensialrenta variere frå lokalitet til lokalitet.

Er det då slik at det er avgrensa tilgang på lokalitetar som skapar verdiar i oppdrett? Enkelte vil hugse at til for eit par tiår sidan stod apotekarane på toppen av skattelistene år etter år. Det skuldast at ein måtte ha konsesjon frå Sosialdepartementet for å etablere apotek. Få fekk løyve, slik at enkeltapotek dekte store geografiske område, med den konsekvens at apotekarane tente gode pengar.

Oppdrettsnæringa har vore regulert sidan starten. Det inkluderer konsesjonar, no kalla løyve. Grunngjevinga for desse reguleringane har variert. Det er i dag 1098 kommersielle løyve til oppdrett av laks og aure mot 991 i 2010, ein auke på berre 10 prosent på elleve år. Det er reguleringane av løyve og tillaten biomasse som er avgjerande for produksjonen, og ikkje naturen i form av avgrensa tilgang på lokalitetar. Dermed er det eventuelt tale om ei reguleringsrente heller enn ei ressursrente.

Eg har skissert kva dei ulike renteomgrepa representerer. Sjølv om ein har tilgjenge til årsrekneskap, og Fiskeridirektoratet publiserer ein oversikt over produksjonskostnadane i næringa, tal som i parentes merka er svært misvisande, er det ingen som veit kor stor reguleringsrente og differensialrente det er i norsk havbruk.

Utforminga av den nye skatten er framleis usikker, men ifylgje Finansdepartementet er det forslag om ein skatt på kontantstraumar. Det er med andre ord ikkje tale om skatt på reguleringsrente, slik at omgrepet «ressursskatt» er misvisande. Eg synest omgrepet særskatt er høveleg. I Dag og Tid 7. oktober brukte Vemund Kårstad omgrepet toppskatt, som ein og kan nytte.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement