Ufin framstillingKUNSTSVEIN GJERDÅKEROSLOI innlegget «Enda mindre å lære?» 15. desember gjentek Ellen J.
I innlegget «Enda mindre å lære?» 15. desember gjentek Ellen J. Lerberg, seniorkurator og formidlar ved Nasjonalmuseet, ankepunkta mot Dag og Tid-skribent Sjur Haga Bringeland som denne hausten har skrive gode kunstreiseskildringar frå Roma.
Det er flott at folk ved Nasjonalmuseet les det me skriv om kunst i avisa vår. Men når kunsthistorikaren Lerberg klagar over at artiklane om kunst og kunsthistorie i Dag og Tid ikkje er lærerike for henne, syner det at ho misforstår formatet. Bringeland skriv populærvitskapleg i ei vekeavis, ikkje vitskaplege artiklar i eit fagtidsskrift for seniorkuratorar med mag.art. ved Nasjonalmuseet. Lerberg arbeider som formidlar og burde skjøna dette.
I framstillinga av tekstane til Bringeland leitar Lerberg etter utsegner som kan mistydast, og ho framstiller tolkingar som ikkje samsvarer med hennar eigne, som feil. I svaret sitt 1. desember går Bringeland systematisk gjennom påstandane til Lerberg. Eg undrar meg difor over at ho førre veke berre gjentek desse påstandane.
Lat oss ta tre døme: Lerberg tykkjer «det ikke hører hjemme ved omtale av sakrale hendelser» at Bringeland nyttar ordet «slaktarbenk» om altaret der slaktofferet blei presentert. Ho har lov å meina det, men Bringeland har like mykje lov å nytta si poetiske omskriving i teksten sin.
Lerberg er skeptisk til at Bringeland koplar Caravaggios liv til kunsten hans, eit forteljargrep ho meiner er gammaldags. Ho har lov å meina det, men Bringeland har like mykje lov å nytta den biografiske forteljarteknikken i teksten sin. Denne koplinga mellom liv og kunst er elles ikkje meir gammaldags enn at kunsthistorikaren og Columbia-professoren Simon Schama nyttar han gjennomgåande i episoden om Caravaggio i BBC-serien Power of Art frå 2006.
Lerberg meiner Bringeland nyttar upresis språkbruk i omtalen av Portunustempelet i Roma. Men det han skreiv, kunne ikkje vore meir presist: «(Portunustemlet) har ein djup søylehall i front og står på eit høgt podium; sistnemnde er no grave fram.» Det er heilt klart at «sistnemnde» her peikar tilbake på det som blei nemnd sist, altså podiet, og ikkje på søylehallen eller fronten, slik Lerberg vil ha det til.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.