Ubehaget i klasserommet – kven har hovudansvaret for det?

Stadig fleire elevar mistrivst i skulen, skriv mangeårig lærar og rektor Ingvar Laberg.
Stadig fleire elevar mistrivst i skulen, skriv mangeårig lærar og rektor Ingvar Laberg.
Publisert

Under overskrifta «Ubehaget i klasserommet» i Dag og Tid 9. juli opplever eg at ansvaret for ubehaget, som diverre altfor mange barn og unge kjenner på, blir plassert på eleven sjølv. Vektlegging av psykisk helse som ein viktig del av opplæringa, blir framstilt som å gjera elevane ei bjørneteneste, ved at merksemda om temaet i seg sjølv fører til dårleg psykisk helse.

Artikkelen og meiningsytringane etterlet eit inntrykk av at barn og unge har svakare beredskap for å takla livet sitt no enn før, og at skulen lagar tilpassingar på individnivå som bidreg til at barn og unge ikkje taklar motstand i livet og følgjeleg utviklar vegring, angst og i siste instans dårleg psykisk helse.

Opplæringslova paragraf 9a, elevane si arbeidsmiljølov, skal sikra elevane eit godt arbeidsmiljø i vid forstand. Merksemda i denne kommentaren rettar seg mot det psykososiale miljøet, jf. paragraf 9a-3 første ledd: «Skulen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremja eit godt psykososialt miljø, der den enkelte eleven kan oppleva tryggleik og sosialt tilhøyr

Perspektivet som manglar i den nemnde artikkelen, er søkjelys på årsakene til at altfor mange elevar utviklar vegring mot å gå på skulen fordi dei opplever, i ulik grad, at klasse- og skulemiljøet er utrygt å vera i. Når born og unge over tid blir utsette for negativ åtferd frå medelevar, i sosiale medium, i friminutt og på fritida, er det naturleg å utvikla sosial utryggleik og angst, som i neste omgang framstår som «psykiske problem».

Terskelen for å godta negativ åtferd har blitt stadig lågare, både i klasserommet og i elevane si fritid, og den nye generasjon foreldre har flytta terskelen for å korrigera negativ åtferd til nesten å ikkje reagera lenger.

Bakgrunnen min er mangeårig lærar, kontaktlærar, skulerådgjevar, pedagogisk konsulent og rektor. Eg er redd for at vi ofrar vanlege, kjenslevare elevar i frykt for å angripa negativ åtferd mot lærarar i klassemiljøet og mot enkeltelevar. Så endar vi med ein diskusjon om elevar med psykiske problem, medan årsaka til mistrivnad og sosial utryggleik ikkje blir synt nok merksemd.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement