Ubehaget i klasserommet – kan det møtast med kartlegging?
Alle ferdigheiter er automatiserte rekkjer av sanseinntrykk eller rørsler. Mange lærarar har likevel ikkje lært om suksessive prosessar i utdanninga, skriv Gunvor Sønnesyn.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Det finst kartlegging som kan gje god informasjon om årsaker til ubehag hjå elevane.
Ubehaget i klasserommet har vore tema i Dag og Tid i sommar. Fagpersonar med omfattande erfaring har uttalt seg. Det vert peika på at psykiske vanskar kan oppstå i klasserommet. Årsaker, verknader og tiltak er det ulike meiningar om.
Les også: «Skule i ubalanse» og «Ubehaget i klasserommet – kven har hovudansvaret for det?»
Inkluderande
Det er svært mykje positivt ved norsk skule. Vi har ein skule for alle, og eg vil hevde at vi gjennom lovgjevinga og ulike strukturar som er bygde opp kring denne, har eit av dei beste og mest inkluderande skulesystema i Europa.
Opplæringslova gir alle born og unge rett til opplæring med eit forsvarleg utbyte. I tillegg til skulen spelar den pedagogisk-psykologiske tenesta i kommunane (PPT) ei viktig rolle for å sikre at alle elevar får eit slikt utbyte. Når eleven har større behov enn det skulen kan møte i ordinær opplæring, er PPT førstelinetenesta som kjem til hjelp.
Staten har vidare oppretta eit utdanningsdirektorat og eit statleg spesialpedagogisk støttesystem som begge har som formål å støtte skuleeigaren i å lukkast med å realisere ein skule for alle. Og vi er mange mindre aktørar som hengjer oss på og vil bidra til dette.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.