Tyskland og antisemittismen

Blant dei som gjennom åra har opplyst meg best om Israel, er amerikanske Norman Finkelstein.
Blant dei som gjennom åra har opplyst meg best om Israel, er amerikanske Norman Finkelstein.
Publisert

USA la for andre gong ned veto mot ei humanitær våpenkvile på Gaza, mot 13 medlemmer av Tryggingsrådet som kravde dette. Ingen stemte med USA, berre Storbritannia avstod frå å stemme. I Europa er støtta til Israel sterkast i Tyskland. I aukande grad blir antisionisme der sidestilt med antisemittisme, altså sett på som kriminelt. I Dag og Tid 8. desember er Astrid Sverresdotter Dypvik blant dei som forklarer dette med holocaust og Nazi-Tysklands folkemord på jødane. Ja, kanskje speler kjensla av ei slags kollektiv tysk skyld ei rolle, men særlig logisk er det ikkje.

Sionisme er ideen om at jødane overalt i verda har krav på ein stat i Palestina, der den mosaiske religionen oppstod for 2000–3000 år sidan. Antisemittismen og jødeforfølginga i Europa skapte motivasjonen bak sionismen, dei nasjonale rørslene i Europa på slutten av 1800-talet skaffa tankegodset, og det europeiske koloniveldet i Midtausten etter første verdskrig gjorde storstilt jødisk innvandring i Palestina mogleg. Problemet var berre at Palestina alt var folkesett – av palestinarane. Sionismen kunne berre bli ein realitet gjennom kolonisering – i ein busettarkoloni. Resultatet måtte bli tragisk – undertrykking, etnisk fordriving, blodige krigar.

Nazistane sitt uhyrlige forsøk på å utrydde alle jødar var det som gjorde sionismen til ei majoritetsretning blant verdas jødar, og som gav tilstrekkelig støtte i den tids internasjonale statssamfunn til å opprette staten Israel på eit anna folk si jord i 1948. Dersom det tyske folket har eit slags kollektivt ansvar for holocaust, er det altså enda verre: Da har dei også eit ekstra ansvar for at forsøket på å utrydde jødane i Europa, via sionismen, har skapt enda ein tragedie. Slik foreldra og besteforeldra blei fordrivne til Gaza i 1948, er det framleis palestinarane som no betaler prisen for den europeiske antisemittismen, det er dei som blir tvinga på flukt, blir drepne og bomba. Slik vi har sett, har sionismen heller ikkje skapt ein trygg heim for verdas jødar, tvert om.

Nettopp påstanden om at motstand mot Israel og kritikk av sionismen er identisk med antisemittisme, er truleg med på å skape ei ny bølge av antisemittisme: Her lærer dei uvitande at deira reaksjon mot Israels massedrap og den sionistiske læra betyr at dei er antisemittar!

Blant dei som gjennom åra har opplyst meg best om Israel, Palestina og sionismen, er briten Isaac Deutscher, franske Maxime Rodinson, amerikanske Norman Finkelstein, svensken Göran Rosenberg og dei to israelske historikarane Ilan Pape og Shlomo Sand. Dei har alle jødisk bakgrunn. Tilhengarane av sionismen avfeiar derfor desse og mange andre som «sjølvhatande jødar». I denne tankeverda er det uforståeleg at stadig fleire jødar tar stilling for palestinarane – og at sionistane i mange tiår var ein minoritet blant verdas jødar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement