Tyrkias ambassade forsvarar sjølvforsvar mot terrororganisasjon

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Poenga til Erling Folkvord i innlegget «Tyrkias ambassade forsvarar okkupasjon» (Dag og Tid 26. august), er villeia og feilinformerte argument. Dette er ikkje overraskande, sidan Folkvord i lengre tid har vore ein støttespelar for terrororganisasjonen PKK i Noreg.

Å påstå at Tyrkia «fører» krigane i Irak og Syria er ei ytst kunnskapslaus fråsegn. Krigen i Syria tok til i 2011, og Tyrkia har gjort sitt beste for ikkje å verte involvert, før i 2016, då ein terrororganisasjon (YPG) kravde landområde like ved grensa til Tyrkia, og vi vart nøydde til å forsvare oss. Det er også openlyst kva tid og av kven krigen i Irak vart starta; det var ikkje oss.

La meg utdjupe ved å bruke nummera til Folkvord som tilvising:

1. Folkvord viser til artikkel 51 i FN-pakta og påstår at det ikkje finst rom for sjølvforsvar, sidan det ikkje har vore noko væpna angrep mot Tyrkia. Eg vil tru at Folkvord forstår at eit «væpna angrep» inneber marsjerande hærstyrkar og rullande stridsvogner. Definerer ein «væpna angrep» slik, skulle ikkje Afghanistan, Irak, Libya eller Jemen ha vorte invaderte, då ingen av dei gjekk til åtak på inntrengaren. (Eit interessant poeng ville vore korleis Noregs bombing av Libya kan forsvarast ut frå dei same prinsippa, slik dei er tolka av Folkvord, sidan vi ikkje har påvist eit einaste libysk åtak mot Noreg.) For å seie det enkelt har terroråtak eller førebuing av åtak, eller berre eit inntrykk av at eit åtak er under førebuing, nyleg legitimert eller rettferdiggjort ein storskala invasjon, og (nesten) ingen sa eit ord. I Syria har ein terroristorganisasjon utført åtak mot Tyrkia, og dette er eit trugsmål som det er vesentleg å avverje, koste kva det koste vil.

Det bør herske forvirring kring eigedomspronomenet vår(e); det kan verke som om vi krev eigarskap til område i Syria og Irak. Vi skreiv på engelsk «our operation areas», ikkje «our operational areas» (omsett av redaksjonen til «operasjonsområda våre», red.merk). Kanskje denne nyansen vart tapt i omsettinga. Ordet operasjon (eit substantiv) er ulikt ordet operasjonell (eit adjektiv), og det nyanserer korleis eigedomspronomenet vår(e) blir forstått. Slik vi ordlegg oss på engelsk, viser vi tydeleg til område der operasjonen vår går føre seg. Vi hevdar ikkje at desse områda tilhøyrer oss.

Omgrepa invasjon eller okkupasjon er fullstendig uakseptable, sidan Tyrkia offentleg har informert om bakgrunnen, altså å sørgje for nasjonal tryggleik og territorial integritet og å bidra til tryggleik og stabilitet i regionen, i tillegg til å leggje fram detaljert informasjon om operasjonane landet har gjennomført.

Konklusjon: Tyrkia har hatt legitim grunn til å forsvare seg i tre tidlegare tryggingsoperasjonar mot terrororganisasjonen og kjem til å utføre dei som er naudsynte, til vi kan sikre ei varig tryggingssone i Syria og stanse infiltrasjon av terroristaktivitet derifrå.

2. Folkvord forsøker å «forskjønne» terrororganisasjonen YPG (eller SDF) ved å påstå at dei «ønskjer ei indre omorganisering av Syria med størst mogleg grad av regionalt sjølvstyre». Motstykket til dette målet vert kalla lausriving (secessionism) i statsvitskapen – at ein gradvis samansver seg mot den territoriale integriteten til ein uavhengig, einskapleg stat. Heldigvis er vi ikkje så blinde at vi ikkje ser dette, og Folkvord skriv ikkje så glitrande at vi trur at det er tilfelle. Eg liker ikkje å måtte minne han om den norske jantelova, spesielt punkt 3 og 10; vi kjøper ikkje desse tomme orda, same kor mange gonger dei blir gjentatte.

Vi vel heller å sjå på handlingane, og spør kvifor «The New World Embassy: Rojava» vart sett opp inne på Oslo rådhus i november 2016. Kvifor insisterer SDF/YPG på å bruke statsliknande titlar i kontakt med utanlandske leiarar? Når du skreiv ei bok kalla Rojava!, kvifor bruker du ikkje lenger dette namnet? Kvifor går du i staden for sjølvstyrenamnet (det såkalla Autonomous Administration of North and East Syria)? Trur du at vi ikkje har sett karta du var talsmann for i fleire år, fiendtlege mot den territoriale integriteten til fire FN-medlemsland samtidig?

Grunnen til at terrororganisasjonen PKK/YPG som verkar for lausriving, for tida vel å tåkelegge hovudmålet sitt og prøver å unngå å komme i konflikt med den syriske hæren, er at dei fryktar den syriske hæren og vil vise at dei framleis er eit nyttig verktøy for dei mot Tyrkia.

3. Det ser ut til at Folkvord har besøkt område i Syria som er kontrollerte av terroristar, men alltid på eit lagleg tidspunkt – kan hende ulovleg – før eller etter «tyrkiske åtak». Det påståtte nærværet av ein PKK-sympatisør i konfliktsoner i Syria beviser ingenting. Viss Folkvord er så sikker på at åtaka var retta mot sivile mål, og at dei vart utførte av oss, burde han gi oss beskjed neste gong han reiser, slik at vi kan forsikre oss om at staden han besøker, vert skåna for åtak, viss han alltid er saman med uskuldige sivile på bakken.

4. Folkvord, som har mangelfull kunnskap om tyrkisk historie, påstår at grensene til «Den nasjonale pakta» bestemt av Mustafa Kemal Ataturk på eit eller anna vis viser tilbake på Tyrkias ønske om å skape eit «Stor-Tyrkia», og at det framleis var ønskeleg. Dette gjenspeglar eit billeg propagandaelement brukt mot Tyrkia. Eg føreslår at Folkvord les litt om korleis Det ottomanske riket vart forsøkt øydelagt og invadert av europeiske makter, noko som førte til den tyrkiske motstanden og den tyrkiske frigjeringskrigen for å beskytte heimlandet vårt. Den nasjonale pakta (Misak-i Milli) består av landområda som høyrde til Det ottomanske riket, og desse vart ikkje invaderte på den tida. Difor var pakta eit forsvarsdokument mot ytterlegare innskrenking av dei ottomanske områda som var att, heller enn ei revisjonistisk eller ekspansjonistisk pakt.

Intensjonen er ikkje å skape eit «Stor-Tyrkia», men ei stolt erklæring av heimlandet vårt, som vi kollektivt kjempa ein heroisk sjølvstendekrig for å trygge.

Då eg vart utnemnd til Tyrkias ambassadør i Noreg, hadde eg aldri førestilt meg at eg skulle prøve å snakke ein støttespelar av terrororganisasjonen PKK til fornuft. For å svare på Folkvords siste setning, «Det er kanskje ikkje så lett å vere ambassadør for ein president som fører krig for slike mål?», vil eg seie at eg er fullt og heilt komfortabel med den tyrkiske statens politikk, sidan eg i mange år hadde ansvaret for å formulere og utføre delar av han i Irak og Syria, stolt over å bidra til å beskytte livsviktige tyrkiske interesser.

I staden lurer eg på korleis det kjennest å forsvare ein blodtørstig terroristorganisasjon som PKK i Noreg.