Tvil og vitskapVitskapPer-Bjørn PedersenHafrsfjordMe ser ofte at tale- og skriveføre folk gjer eit stort poeng av at dei fleste vitskapsfolk «trur» at klima- og miljøendringane er menneskeskapte. Ja, tonen kan verta nokså aggressiv mot dei som kjem med arg
Me ser ofte at tale- og skriveføre folk gjer eit stort poeng av at dei fleste vitskapsfolk «trur» at klima- og miljøendringane er menneskeskapte. Ja, tonen kan verta nokså aggressiv mot dei som kjem med argument for alternative forståingsmodellar.
Her er det viktig å ha klart for seg at rett vitskap nettopp ikkje «trur». Vitskapsfolk trur, slik alle menneske, serleg dei med politisk og økonomisk ansvar, gjer og faktisk må, anten me likar det eller ikkje. Men vitskapen sjølv trur ikkje. Vitskapen «tvilar», tvilar og stiller spørsmål til det meste, systematisk.
Det er nettopp dette som fører vitskapen vidare. Vitskapleg metode er ikkje stadfesting, men falsifisering, nøye gjennomførte forsøk på å finna feil, hol, manglar i forklaringsmodellar som finst, til og med slike som dei fleste trur sterkt på. Modellen om drivhuseffekt av auka innhald av CO2 i atmosfæren er ein slik. Han må tola alle forsøk på falsifisering/avkrefting, elles er han ikkje vitskapleg, men vert redusert til eit reint trusobjekt, for mange eit religionssubstitutt.
Dette ser me tydeleg når det kjem krav om at argument for alternative forklaringsmodellar ikkje skal få koma på trykk, forskarar som stiller alternative hypotesar og teoriar, vert hindra i forskinga si, får ikkje finansiering og så bortetter. Dette er farleg, farleg for vitskapen. Dersom ikkje klimaskeptikarane/-realistane fanst, måtte me ha funne dei opp, nettopp for vitskapens skuld. Det må bli slutt på å behandla dei som kjettarar og forfylgja dei i inkvisitorisk stil. Men me lyt stilla same krav til deira argumentasjon og forsking som til majoriteten. Dei vert ikkje meir vitskaplege av å vera vantru enn truande.
Vitskapen er ikkje demokratisk. Det meste av vitskaplege framsteg har kome frå einskilde individ, svært ofte med bastant motstand frå etablerte fagmiljø, ideologi, religion og samfunn. Det er lett å finna døme i vitskapshistoria. Sjå berre til astronomi, medisin og kjernefysikk.
Utan slike som me i dag dyrkar som heltar, hadde jorda kanskje enno vore flat, lækjarar hadde teke livet av folk med årelating, materien hadde framleis vore evig. Framsteget er framleis avhengig av at nokon tvilar og leitar etter andre forklaringsmodellar enn dei som fleirtalet og makta gjerne held for å vera uomtvisteleg sanne.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.