Tusvik, Hauge og dei gløymde namnaOlav H. HaugeRonny og Klaus Johan MyrvollOsloSverre Tusvik reagerte i nr. 19 av Dag og Tid på ein liten passus eg (
Gjennom tidsskriftet Encounter vart Hauge kjend med Michael Hamburger. Dei var båe eplebønder og interesserte seg for nett dei same tyske diktarane.
Foto: Torolf Engen
Sverre Tusvik reagerte i nr. 19 av Dag og Tid på ein liten passus eg (Spaans) sneik inn i artikkelen min til 150-årsjubileet til Samlaget. Der skreiv eg at det ikkje var gjennom Profil-krinsen Olav H. Hauge fekk det fyrste møtet sitt med eit litterært miljø, men gjennom dei diktarane som utgjorde redaksjonen til Framande dikt frå fire tusen år, som kom ut til 100-årsjubileet til Samlaget – Sigmund Skard, Halldis Moren Vesaas og Hartvig Kiran.
Tusvik ramsar opp ei rad namn, bøker og kjelder i lesarinnlegget, som han rår meg til å lesa, slik at eg blir opplyst. Det Tusvik ikkje visste, var at eg – saman med filolog Klaus Johan Myrvoll – dei seinaste åra har saumfare nett desse kjeldene i samband med ein artikkel om Hauge som attdiktar som kjem på prent i tidsskriftet Edda til hausten. Det er nett difor eg òg stakk inn denne teaseren i artikkelen.
Det er ikkje tvil om at Profil-krinsen spela ei stor rolle når det galdt å inkludere Hauge i eit sosialt miljø. Det vi (Spaans og Myrvoll) derimot er interesserte i, er å finne miljø Hauge hadde åndeleg slektskap med. Då handlar det ikkje om å nemne så mange namn som råd, men å granske Hauges dikt og dagbok systematisk.
For det fyrste er det underleg at det engelskspråklege tidsskriftet Encounter aldri blir nemnt i Hauge-resepsjonen – eit blad med eit heilt anna litterært program enn magasin tilknytte Profil-krinsen. Hauge heldt Encounter gjennom heile livet, Profil og Basar berre i ein stuttare periode. Gjennom Encounter vart han kjend med Michael Hamburger og antologien hans, Modern German Poetry 1910–1960. Hamburger (som Hauge møtte seinare i livet) interesserte seg for nett dei same tyske diktarane som Hauge: Hölderlin, Trakl og Celan. Både Hamburger og Hauge var eplebønder, og dei delte eit – om vi kan kalle det – metafysisk tungsinn, som stod Profil-krinsen fjernt (utan at vi dermed hevdar at epledyrking kvalifiserer til transcendente tankar).
Å jau då, vi kan peike på denne kommentaren i dagboka til Hauge i oktober 1966: Einar Økland har «lært av tyske ekspresjonistar, serleg Trakl». Men då hadde Hauge alt i to år gjort freistnader på å setja om Trakl til norsk. Når Hauge skriv om desse freistnadene i dagboka, er det ikkje Økland, men Hamburger han nemner. Og elles: Har Trakl og Økland mykje sams som lyrikarar? Heller lite.
Hauge las òg ein annan utlending med «uprofilsk» hått: Vilhelm Ekelund, diktaren med flest oppslag i Hauges dagbøker. Hauge skriv i dagboka at det var Ekelund som fekk han til å lesa Hölderlin – og i omsetjingsarbeidet hadde han stor hjelp av Hamburgers engelske omsetjingar, legg han til.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.