Trygve Lie og IsraelBiografiPer VeldeEtter å ha vore bortreist ei tid les eg no på etterskot meldinga av boka til Odd Karsten Tveit om Trygve Lie. Kvifor var Trygve Lie så veldig pro-israelsk? Eg trur ein del av svaret kan vera dårleg samvit. Som justismin
Etter å ha vore bortreist ei tid les eg no på etterskot meldinga av boka til Odd Karsten Tveit om Trygve Lie. Kvifor var Trygve Lie så veldig pro-israelsk? Eg trur ein del av svaret kan vera dårleg samvit. Som justisminister før krigen gjorde Trygve Lie alt for at jødiske flyktningar frå Tyskland ikkje skulle få sleppa inn i Noreg. Eg baserer meg her på Per Ole Johansen frå 1984: Oss selv nærmest.
I talrike, ufyselege sitat frå embetsmenn i Justisdepartementet og Sentralpasskontoret handlar alt om at jødar ikkje må få koma hit. Jødar var ikkje nokon «berikelse» for landet vårt, og dei kunne ikkje vera flyktningar bare fordi dei var jødar. Vi måtte unngå ein «jødeinvasjon».
Johansen skriv: «Uten visum og med ‘J’ i passet var det bare å snu hvis flyktningen kom i passkontroll ved grensen.» Leiaren på Sentralpasskontoret var særleg ivrig etter å få jødane ut. Men kvar gong han blei kritisert for dette, forsvarte Trygve Lie han. I april 1940 var det ca. 400 jødiske flyktningar i Noreg. Sverige hadde teke imot det tidobbelte og Danmark endå fleire!
Seinare blei Trygve Lie generalsekretær i SN og særs aktiv for å oppretta Israel. Dette kan ha vore eit utslag av dårleg samvit. Etter Auschwitz var det klart kvar mange av dei avviste hadde hamna.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.