Forsvarspolitikk
Tronge tider for fredspartiet
Marineprest Ingeborg Kvammen heldt den siste julegudstenesta på ubåtbasen Olavsvern i 2008.
Foto: Jan-Morten Bjørnbakk / NTB
Det nystifta partiet For ber i beste fall i seg ein bodskap om fred. Berre dette burde vera nok til å lytta til argumenta deira. Men i staden går Ine Eriksen Søreide og co. til frontalangrep på partiet og på Glenn Diesen.
Ukraina og Russland
Det blir hevda at krig fører til fred. Me kan vera så mykje pasifist som me vil. Kven triv ikkje til våpen om me blir angripne? Putin har sjølvsagt ingen aksept for sitt angrep på Ukraina. Og Ukraina er sjølvsagt i sin fulle rett til å forsvara seg. Det skulle berre mangla. Det som ikkje er greitt å høyra på, er duglause politikarar som einsidig legg skulda på Putin.
I oktober 1962 var russiske båtar på full fart mot Cuba for å utplassera atomrakettar. Då sette president John F. Kennedy foten ned: «Kjem de nærare, smell det.» Sovjetunionens president Nikita Khrusjtsjov bad båtane ta ein U-sving og koma heim att.
Lukkelege dei små satellittlanda til Russland, som nå i seinare tid har kome med i Nato. Men Ukraina, det blei for nær indrefileten til Russland. Det burde Nato og Vesten forstått.
Provokasjon
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.