Trong Noreg medlemskap i Nato?PolitikkHallvard HegnaI leiarartikkel i Dag og Tid 13. juli tok Johan Brox for seg kravet om auke av forsvarsutgiftene våre frå 1,6 til 2 prosent av bruttonasjonalproduktet. «Noko skurrar», seier han: «Om Noreg har Nato-motsta

I oktober 1944 kryssa Den raude armeen norskegrensa i Finnmark. I september 1945 reiste dei. Då var dei tyske okkupantane fordrivne frå landet og jobben deira gjort.
I oktober 1944 kryssa Den raude armeen norskegrensa i Finnmark. I september 1945 reiste dei. Då var dei tyske okkupantane fordrivne frå landet og jobben deira gjort.
Publisert

I leiarartikkel i Dag og Tid 13. juli tok Johan Brox for seg kravet om auke av forsvarsutgiftene våre frå 1,6 til 2 prosent av bruttonasjonalproduktet. «Noko skurrar», seier han: «Om Noreg har Nato-motstandarar att, eller i det minste Nato-kritikarar, let dei påfallande lite høyra frå seg.» Som éin av dei gamle tek eg utfordringa:

24. oktober 2014 skreiv Nils Morten Udgaard i Aftenposten at «Stalins sfære reddet Norge» (tittel). Han fortel at allereie i desember 1941, då tyske styrkar stod utanfor Moskva, hadde Stalin forbløffa den britiske utanriksminister Anthony Eden i Kreml «med helt klare tanker om hvor russernes innflytelse skulle gå etter krigen»:

Dei skulle ha siste ordet i dei baltiske landa og i Aust-Europa, og stort sett få att Tsar-Russlands gamle grenser. Dette bad Stalin britane godtaka. Som motyting ville han ikkje setja seg imot britiske basar i Belgia, Nederland, Danmark og Noreg.

Russarane heldt seg til dette, og etter frigjeringa av Finnmark forlét dei sovjetiske soldatane norsk jord 25. september 1945.

Men Stalin gjorde landa innanfor interessesfæren sin (bortsett frå Finland) til kommunistiske satellittar. Var dette eit varsel om vidare ekspansjon?

Russarane har beiske historiske røynsler: På 1800-talet vart landet invadert av Napoleon, og på 1900-talet to gonger av Tyskland. Fyrste gongen tapte dei. Briten Antony Beevor skriv i det store verket Den andre verdenskrig (2013) at «Stalin var rystet av hvor nær Sovjetunionen hadde vært nederlaget i 1941; han ville derfor ha de kommunistiske satellittstatene som buffer. Bare ofringen av 9 millioner soldater og 19 millioner sivile, hadde reddet ham.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement