Klima
Treng vi klimapolitikken?
Kvitebjørn-gassfeltet har forsyningsbase på Mongstad, som sysselset rundt 1500 menneske åleine.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
I ein kommentar til klimameldinga kritiserer Per Anders Todal i Dag og Tid nr. 17 regjeringa for å satse på kjøp av klimakvotar i staden for nasjonale kutt.
Men vi hadde eigentleg ikkje trunge å kjøpe klimakvotar. Vi kunne heller ha teke med nettoopptak av CO2 i skogen i klimarekneskapet, slik EU gjer.
I 2022 var nettoopptaket i norske skogar på 18,1 MtCO2e (megatonn CO2-ekvivalentar). Dette utgjorde 37 prosent av utsleppet dette året. Bidraget er berekna til å auke til cirka 35 MtCO2e i 2035, for så å falle til knapt 30 MtCO2e i 2040. Deretter vil det på nytt stige til vel 40 MtCO2e på slutten av dette hundreåret.
Peter Holmgren, som har gjort desse estimata (Past and future climate effects of the Norwegian and Swedish forest-based sector, 2024), har omfattande ekspertise innan internasjonalt arbeid med skog, miljø og klima, inkludert leiing av det internasjonale skogforskingsorganet Center for International Forestry Research (CIFOR) og FNs Food and Agriculture Organizations (FAO) skogressursutviklingsprogram. Han koordinerte òg heile FAOs arbeid relatert til klimaendringar.
Det finst ingen gode argument for ikkje å rekne inn nettoopptaket frå skog i klimarekneskapen vår, og det er dette som bør vere prioriteringa når Stortinget nå skal diskutere klimamåla. Noregs nåverande avtale om skog med EU går ut i 2030, så dette er ein gyllen sjanse til å redde seg inn på trygg grunn.
Todal kritiserer regjeringa for satsing på petroleumsindustrien, som har hatt ein stor auke i produksjon av miljøvennleg naturgass etter referanseåret 1990. Vi leverer nå cirka 30 prosent av gassforbruket i EU og Storbritannia.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.