JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Treigt og feil i Nav

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3086
20230519
3086
20230519

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Forvalting

Klagesystemet i Nav får krass kritikk i ei ny offentleg utgreiing. Utgreiinga «Raskt og riktig», som har vore leia av fyrsteamanuensis i jus Roald Hopnes, fortel om ein velferdsstat som i liten grad evner å gje folk det dei har krav på.

Til Dag og Tid i førre veke seier Hopnes at Nav-systemet for klager synast inspirert av den private forsikringsbransjen. «Men ein offentleg aktør som Nav er ikkje eit AS som i hovudsak skal produsere mest mogleg effektivt og tene mest mogleg pengar», minner juristen om.

Hovudproblemet med klagesystemet i Nav er at saksbehandlarane vert sette under tidspress. Det inneber at dei gjev for mange avslag i fyrste runde, og at dei ikkje hentar inn nok dokumentasjon på eiga fjøl før dei gjev avslag. I Nav-systemet er det nærast ein føresetnad at folk er i stand til å klage. Berre i 2021 vart det påvist feil i minst 29.700 fyrstegongsvedtak i Nav. Og dette er berre dei feila som er kjende. Alle dei som av ulike grunner ikkje orkar å klage, får me aldri vite om.

Dette systemet, der ein helst må ha både overskot og kunne stå på sitt for å få det ein har krav på i velferdsstaten, er eit vandrande paradoks. Dei som treng mest hjelp frå Nav, vil som regel også vere dei som har dårlegast føresetnader for å gå gjennom ein lang og krunglete klageprosess. Menneske med dårleg råd, dårleg utdanning, dårleg helse eller dårlege norskkunnskapar vil fort gje opp i møte med eit offentleg avslagsbrev.

Betre vert det ikkje av at mange også er redde for Nav, og ikkje heilt utan grunn. Den såkalla Nav-skandalen står att som eit uhorveleg skremsel for mange. Og når det heile toppar seg med at det er vanskeleg, og tidvis umogleg, å få kontakt med dei som fattar Nav sine vedtak, for å få svar på kva ein har gjort gale, er det ikkje rart at mange som slit, ikkje tar seg bryet med å klage.

Nav står i ei alvorleg tillitskrise. Mistilliten som i fleire år har vore vist andsynes tilsette og såkalla brukarar, kjem no i retur som ein bumerang mot etaten sjølve. Vegen ut av tillitskrisa går gjennom at Nav byrjar å syne meir tillit til dei som treng etaten si hjelp. Dette er eit problem som fyrst og fremst må løysast politisk, av di Nav og deira tilsette langt på veg er svinebundne av eit altfor detaljert regelverk. Færre reglar og mindre dokumentasjonskrav vil gjere systemet meir forståelig og oversikteleg.

Det må dessutan verte slutt på at tilsette i Nav vert pressa til å gjere fleire vedtak på kortare tid enn at det er forsvarleg.

Og endeleg må staten bla opp for sivilsamfunnsorganisasjonane som hjelper folk med å navigere i Nav-labyrinten, som Stiftelsen Rettferd, Nav-opprydningen og AAP-aksjonen. Dei gjer ein svært viktig jobb allereie i dag, men utan å få støtte frå det offentlege. Tvert imot måtte Stiftelsen Rettferd nyleg leggje ned tilbodet «Hjelp med Nav» etter avslag på fleire søknader. Det framstår som direkte uansvarleg all den tid me veit at det slett ikkje er enkelt å få det ein har krav på i Nav-systemet.

Mímir Kristjánsson sit i Arbeids- og sosialkomiteen for Raudt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis