Tre små studiestadar
Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal.
Foto: Harald Groven / Wikimedia Commons
I Bø, Volda og Sogndal har høgskulane prega lokalsamfunnet positivt og ført til at regionane får stabil tilgang til kvalifiserte yrkesutøvarar. Med dagens UH-politikk blir utdanningstilbodet på mindre stadar utfordra.
For kring 50 år sidan endra det høgre utdanningslandskapet i Noreg seg radikalt. Fram til vedtaket om etablering av Universitetet i Tromsø i 1968, var det høgre utdanningsinstitusjonar berre i dei tre største byane. Grunnlaget for moderne masseutdanning vart lagt med Ottosen-komiteens innstillingar (1965–70), og i tråd med desse vart det etablert distriktshøgskular utover landet.
Mange meinte distriktshøgskular burde lokaliserast til dei større byane, men det melde seg fleire interessentar, også nynorsktalande bygdesamfunn i spreiddbygde utkantområde. I ei tid då tankar om desentralisering og maktfordeling stod sterkt, vann bygdebaserte interesser i ulike alliansar fram. Særleg braut vedtaket om etablering av distriktshøgskule i Bø nokre barrierar. Med god støtte frå «Aksjonsnemnda for distriktshøgskular», utgått frå Studentmållaget i Oslo, vann distriktsinteressene kampen for å etablera distriktshøgskule i Bø, og ikkje i grenlandsområdet.
I løpet av 1970-talet vart det etablert distriktshøgskular i ti fylke, også i Volda og Sogndal. Lokaliseringsvedtaka vart gjorde av sentrale styresmakter, ofte i strid med dominerande meiningar i dei aktuelle fylka.
Korleis har det gått?
Talet på studentar i Noreg er nær seksdobla sidan 1970. Studiestadane Bø, Sogndal og Volda har i 2020 frå 2800 til 4500 studentar. Dei er blant dei 10–15 største studiestadane i landet, og dei har hatt ein vekst i studenttalet som er sterkare enn den nasjonale utviklinga tilseier.
Dei nye høgskulane lærte raskt kva som skulle til for å ta sin del av veksten i utdanningssektoren. Særleg i åra kring 1990, som er den sterkaste vekstperioden, viste dei evne til å følgja med i timen, snu seg raskt, koma med framlegg om nye utdanningar i tråd med samfunnsutviklinga og ikkje minst etablera alliansar med omverda for å realisera framlegga.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.