«Trass i fleire hundre år med fransk styre, så overlevde det engelske språket. Det kjem norsk òg til å gjere.»
Illustrasjon: Shutterstock
I haust har debatten om anglisismar i det norske språket blussa opp att, slik han gjer med jamne mellomrom. Anglisismar er ord og uttrykk lånt frå engelsk. Nokon meiner at språklege lån frå engelsk er forsøpling av det norske språket. Ja, til og med at dei utgjer ein eksistensiell trugsel mot språket. Andre tek til orde for å forsvare anglisismar. Dei meiner at eit dryss av engelsk aukar uttrykksbreidda i språket.
For å forstå korleis me skal forhalde oss til denne språklege invasjonen kan me sjå til historia. For det engelske språket var ein gong under kringsetting slik det norske synest å vere i dag: I år 1066 tok Vilhelm av Normandie over trona i England med makt. Over natta vart så godt som heile den engelske adelen bytt ut med fransktalande lordar, og fransk tok over som administrasjonsspråk. I hundreåra etter erobringa strøymde franske ord inn i det engelske språket. Mange av dagens lånord frå engelsk vart i si tid lånt til engelsk frå fransk. Dette gjeld mellom anna ord som vintage og savage.
Samfunnet endra seg dramatisk i England på tusentalet. I dag står me like eins midt oppe i ei omvelting av samfunnet, nemleg den digitale revolusjonen. Me lever med dei språklege konsekvensane av ei særs samankopla verd, og engelsk har ein sterk posisjon som lingua franca i den digitale verda. Når språk er i kontakt med einannan, slik norsk og engelsk er i dag, er det uunngåeleg at dei påverkar kvarandre. Dette ser ein mange døme på i historia. Resultatet er at engelske ord og uttrykk finn vegen inn i det norske språket. Å tru at norsk kan skjermast frå engelsk påverknad er urealistisk i den digitale verda me lever i.
På 1000-talet var fransk eit prestisjespråk i England. Å kunne snakke fransk vart ein viktig klassemarkør og ei nødvendigheit om ein ville opp og fram i samfunnet. Engelsk har fått ein liknande posisjon i samfunnet i dag, men bruken av engelsk er knytt meir til sosial tilhøyrsle enn klasse. Engelsk har blitt ein identitetsmarkør og eit kjenneteikn på sosial tilhøyrsle, særleg blant dei unge.
Norsk er i stadig endring, sjølv utan engelske lån. Ivar Aasen steig ikkje ned frå berget med spynorsk mordliste hogd i stein. Å slå ned på språkleg innovasjon og leikenheit struper kreativitet og språkleg variasjon. Shakespeare har æra for å ha introdusert mange nye ord og uttrykk til det engelske språket. Ord som bedroom, downstairs og eyeball opptrer for fyrste gong i verk av Shakespeare. Kor mykje fattigare hadde ikkje verka til Shakespeare vore om surmaga språkkonservative hadde fått sensurere språkbruken hans?
Engelsk er eit språk med eit stort vokabular. Breidda på ordboka er sjølvsagt ikkje noko mål på uttrykksrikdomen i eit språk: Dei fleste av dei om lag fem hundre tusen orda i engelsk ser sjeldan bruk. Ei av årsakene til at det engelske vokabularet er så stort, er at engelsk er eit ramnespråk, som lett har teke opp i seg ord frå andre språk. Gresk, latin, fransk, nederlandsk og norrønt er nokre av språka som har hatt stor innverknad på engelsk. Om det er denne fleksibiliteten i språket eller imperialistisk blodtørst som har gjort engelsk så suksessrikt som verdsspråk, kan nok diskuterast. Engelsk er i alle fall eit levande bevis på at språklege lån kan vere ein styrke heller enn ei svakheit.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.