Tøv om tarmenMedisinPernille NylehnHaugesund Jon Hustad prøvde seg som vitskapsjournalist i Dag og Tid 16. februar. Det gjekk ikkje særskilt bra, og han måtte slå retrett veka etter, under tittelen «presisering». Han burde kanskje ha lært etter fadesen om

Publisert

Jon Hustad prøvde seg som vitskapsjournalist i Dag og Tid 16. februar. Det gjekk ikkje særskilt bra, og han måtte slå retrett veka etter, under tittelen «presisering». Han burde kanskje ha lært etter fadesen om IQ for nokre veker sidan, då han feiltolka artikkelen han tok utgangspunkt i, og også måtte korrigere seg sjølv i neste nummer.

Denne gongen skriv han i førstesideoppslaget «Terror mot tarmen» om tarmsjukdomar, mikrobiom, medisin og sprøytemiddel, alle særs kompliserte område. Og den einaste kjelda han oppgjev (ein artikkel i tidsskriftet Entropy), er diverre heilt uetterretteleg. Forfattarane, Samsel og Seneff, har ingen bakgrunn i medisin, landbruk eller kjemi. Seneff er IT-ingeniør, kva Samsel er, veit ingen. Artikkelen er ikkje ein metaanalyse slik Hustad hevdar, heller ein polemikk med eit vell av meir eller mindre relevante referansar. Og Entropy er ikkje eit medisinsk tidsskrift. Finn fem feil!

Artikkelen er massivt kritisert, og forfattarane er kjende som fanatikarar som spreier desinformasjon om mellom anna vaksinar og glyfosat. Journalisten burde kanskje ant uråd når det står publishers warning i byrjinga av artikkelen, og søkt til fleire kjelder. Det gjer han ikkje. Eller, han seier i «presiseringa» si at han nytta «fleire medisinske fagpersonar til å sjekke faktagrunnlaget». Det kunne vore interessant å vite kven det var, eller kvifor han ikkje nemner dei i artikkelen.

Det er ikkje rom for å gå gjennom alle påstandane i Hustads artikkel, men berre for å ta nokre poeng:

Påstanden om at tarmen gjer fleire sjuke, og at matintoleranse aukar, er ein av premissane. Han viser til at det er eit stort tema i vekeblad og tabloidaviser (!), og at Fedon Lindberg har skrive bok om det. Men når ein går til vitskapelege kjelder, er det ikkje haldepunkt for at det er ein auke i tarmsjukdom eller matintoleranse, sjølv om det er mykje fokus på det, og det er absolutt ikkje klårt kva desse sjukdommane og plagene botnar i. Det einaste som er sikkert, er at dette er komplisert. Det er mykje spanande forsking på tarmflora, men resultata er så langt slett ikkje så krystallklare som Hustad vil ha oss til å tru. Påstanden på førstesida, at antibiotika og sprøytemiddel truleg har hovudskulda (for tarmtrøbbelet), er det neppe nokon fagperson som vil skrive under på.

Eit anna poeng i Hustads artikkel er at sprøytemiddel, spesielt glyfosat, bidreg til å øydelegge tarmfloraen, og dermed kan føre til ei lang rekkje sjukdommar, frå Alzheimer til autoimmun sjukdom. Dette er mildt sagt spekulative påstandar, også henta frå artikkelen til Samsel og Seneff. At glyfosat er «tarmforskarars fremste hatobjekt» … Viss det er sant, kva kjem det av at stoffet overhovudet ikkje er nemnt i anerkjende oppslagsverk og artiklar om tarmsjukdom? Har journalisten tatt seg bryet med å sjekke lett tilgjengelege databasar, eller kjem alle påstandane frå Samsel og Seneff?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement