Tøv frå det pedagogiske parnasset

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

I Dag og Tid 22. oktober er Karl Øyvind Jordell ute og luftar sitt syn på faglege krav lærarstudentar og lærarar bør tilfredsstille.

Hovudbodskapen hans er at kravet om 3,5 i matematikk øydelegg skolen. Det hindrar folk i å bli lærarar. Konsekvensen er lærarmangel. Påstanden hans er at hadde kravet om 3,5 vore justert ned til 3,4, for ikkje å snakke om 3,3, hadde vi ikkje hatt mangel på lærarar. Underforstått: å stille faglege krav til lærarar er urimeleg.

Kva er «matematikk» i denne samanhengen? Det er såkalla «P-matte», den lettaste matematikken i vidaregåande skole. Før 2006 fekk ein studiekompetanse i lærarutdanninga med 1, det vil seie «stryk», i «P-matte» etter første året i vidaregåande skole. «P-matte» er praktisk rekning på eit nivå elevar skulle meistre i sjuande klasse i folkeskolen i mi tid. Kort sagt, kravet om 3,5 og seinare 4 er faktisk for mildt.

Hadde ein hatt faglærarordning ved alle norske skolar, hadde 3,5-kravet vore administrativt akseptabelt. Men slik er det ikkje. Eg vil tru at 1/3 av norske grunnskolar ikkje har vilkår for ei slik ordning. Er ein sertifisert som allmennlærar, vil ein i slike skolar måtte rekne med å bli sett til å undervise i matematikk, trass i knapt nok å meistre elementær rekning.

Jordell avfeiar samanlikninga med ein studie der ein må ha nær 6 i snitt for å komme inn: Her er det nemleg tevling om studieplassane. Det er det ikkje i lærarutdanninga. Nå kjenner eg ikkje opptakskrava for dei siste åra, men i 2003 kom ein inn, ifølge oppslag i Dagbladet, ved alle lærarhøgskolane i landet med 2 i snitt. Lektorar med røynsle frå gymnas og vidaregåande skole fortel at 2 i vidaregåande skole ville ha gitt «stryk» i det gamle gymnaset.

Da ein slit med å fylle studieplassane ved lærarutdanningane, er det rimeleg å anta at karaktersnittet hos dei som tar til, framleis ligg nær 2. Meiner ein at det er kunnskap som skal sikre Noregs framtid, burde ein i minsto ha kravd at dei som skal legge grunnlaget for kunnskapen ein treng, ikkje sjølve er kunnskapslause.

Tybring-Gjedde, som Jordell argumenterer mot, peiker på at høgare krav til matematikkompetanse har ført til mindre fråfall i studiet. Dette avviser Jordell som irrelevant: «Formålet med lærarutdanning er ikke å få høyest mulig fullføringsprosent (...). Formålet er å få nok lærere». På eine sida vil han ha nok lærarar. På hi sida er fullføringsprosenten uviktig. Dette er inkje anna enn eit paradedøme på sjølvmotseiing. Og alle sjølvmotseiingar er nødvendig usanne.

Med støttespelarar som Jordell kan lærarstanden neppe rekne med å vinne tilbake den sosiale status den tidlegare hadde.