Hopp

Toralf Engans teknikk

Toralf Engans teknikk var å halde sitjestillinga heilt fram til kanten. Til venstre står hoppsjef Lars A. Møen frå Voss.
Publisert Sist oppdatert

Biletet viser Toralf Engan (f. 1936) frå idrettslaget Leik på hoppkanten i Bavallen på Voss laurdag 27. januar 1962.

For ei tid sidan såg me i Dag og Tid eit bilete av Engan i eit vakkert svev. Men grunnlaget vart alltid lagt på hoppkanten. Medan det enno berre er ein meter att til grantusten på hoppkanten, sit Engan enno i sitjestillinga. På bilete av andre hopparar tekne under same rennet ser me at dei på dette tidspunktet alt hadde starta satsrørsla.

At teknikken til Engan gav resultat, viste att i heile hoppkarrieren hans. Denne helga i 1962, i uttakingsrennet til VM i Zakopane i skiflygingsbakken, var Engan den einaste hopparen som kom over 100 meter, både laurdag og sundag. Bakkerekorden til Kjell Kopstad frå Eidsfoss på 103,5 meter frå 1957 vart slegen med éin meter, og den nye rekorden stod i fem år, til Bjørn Wirkola frå Alta IF tangerte rekorden under storbakke-NM i 1967.

Under VM i Zakopane i 1962 tok Engan gull i normalbakken, og han vann også den tysk-austerrikske hoppveka 1962/63.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement