Tok Adam Smith feil?

Publisert

I Dag og Tid 13. august er det ein artikkel («Ein krangel om småpengar») av Jon Hustad (JH) om skattepolitikken. Som elles skriv han her godt og innsiktsfullt om økonomi, men han har nokre rare utsegner om kva pengar er for noko. Han påstår også at Adam Smith (AS) tok feil om korleis pengar kom i bruk.

JH er i godt selskap. Eg veit om fleire andre som har hevda det same om eit eller anna AS har skrive om. Det gjeld endåtil ein nobelprisvinnar i økonomi, som til og med gjer det i nobelprisforelesinga si. Alle ber preg av ukritisk bruk av sekundærkjelder.

JH slår fast at «Pengar er eit vekslingsmiddel når vi betalar for noko, og pengar er eit middel til sparing». Dette er noko ufullstendig, men det skal vi la ligge. Siste del av den setninga dette står i, er det verre med: «men pengar er fyrst og fremst ei bokføringseining for ressursar.»

Pengar er ikkje det. Derimot inneber eit pengesystem ei mynteining og dermed også ei bokførings- (eller rekneskaps)eining, men ikkje berre for ressursar, slik JH hevdar. Slike einingar har vi naturleg nok mange døme på, så som kauri, eit skjel som vart brukt som mynteining rundt Indiahavet i den lengste perioden i pengehistoria ein kjenner til, ei vekteining gull som mange kulturar har brukt, og NOK, som vi brukar.

AS tok ikkje feil i at pengane vart tekne i bruk då ein gjekk over frå reint naturalhushald basert på byteøkonomi til ein pengeøkonomi. Dette er eigentleg tautologisk, og det går ikkje an å ta feil om ein tautologi. Bruk av pengar i ei eller anna form, som jo er det som skil ein byteøkonomi frå ein pengeøkonomi. At overgangen kom gradvis i dei tilfella ein veit om, er ei anna sak.

JH gir inntrykk av at AS meinte at dette skjedde i nyare tid. Det meste av det AS skriv om pengar, står i kapittel IV i bok I i det store verket hans om velstanden til nasjonane som kom for nær 250 år sidan. (Det er jubileum i 2026.) Der går det i alle fall fram at AS spora pengar attende til Abrahams tid, og det er jo nokså lenge sidan. Han refererer til Første Mosebok, der det mellom anna står at Abraham kjøpte eit jordstykke av Efron for 400 sølvshekel. Etter jødisk tradisjon skjedde dette for omlag 4000 år sidan.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement