To nasjonsbyggarar med ulikt syn på norsk natur
Både Bjørnson og Vinje let seg inspirera av killingar og lam. Men her slutar samanfallet, skriv Sigurd Skirbekk.
Illustrasjon: Vikingen / Aulestad
Språk
Det er jubileumsår for Aasmund Olavsson Vinje i år. Vinje var den andre som tok til å skriva på landsmål, eller «norsk mål» som det den gong vart kalla. Ivar Aasen var den fyrste, Aasta Hansteen den tredje.
Dei tre kunne bli sett som personifiseringa av Fjord-Noreg, Fjell-Noreg og By-Noreg. Og om den tredje ikkje var ein like stor diktar som dei to andre, var ho til gjengjeld den første kvinna som vågde å skriva på landsmål. I Norsk biografisk leksikon blir ho omtalt med desse orda: «For Aasta Hansteen var landsmålet en form for opprør. Ikke bare var det en kamp for politisk og nasjonal frigjøring, men også en kamp mot den ensidige bykulturen, «hvor sjølgod Spidsborgerlighet havde tiltaget sig Eneret til Jordbunden». Utover i 1860-årene forsatte hun å skrive landsmålsdikt; en del av disse ble trykt i Dølen og i Ferdamannen». Ho høyrer avgjort med til nasjonsbyggarane.
Det gjorde sjølvsagt også Bjørnstjerne Bjørnson, jamvel om han ikkje var målmann, heller tvert i mot. Bjørnson skreiv: «Ja, vi elsker dette landet, som det stiger frem. Furet, værbitt over vandet, med de tusen hjem». Ivar Aaen skreiv «Millom bakkar og berg utmed havet heve Normannen fenge sin heim». Aasmund Vinje skreiv «No ser eg atter slike fjell og dalar, som deim eg i min fyrste ungdom såg”. Alle tok med andre ord utgangspunkt i norsk natur og det inntrykket som denne naturen hadde gitt dei.
Norsk natur er ikkje berre stein og fjell. Naturen har i uminnelege tider gjeve føde til dyra, så vel til ville dyr som til tamme dyr; dyr som i sin tur har gjeve føde til menneska. Geita og sauen blir i eit slikt perspektiv kanskje dei norskaste av alle husdyra våre.
Både geita og sauen kan bli sett i ulike perspektiv. Dei kan, i eit reint nytteperspektiv, bli sett som eit forråd for ull, mjølk og kjøt for menneska. Men dei kan og bli sett som ein del av naturen, dyr med ein eigenverdi og som har noko å lære oss.
Både Bjørnson og Vinje let seg inspirera av killingar og lam. Men her slutar samanfallet. Bjørnson skildra «lammet mitt» i eit estetisk og litt distansert perspektiv, med ein humoristisk slutt: «Vet du det ikke tuppen. Mor vil ha dig i suppen».
Diktet vart kjend som «Killebukken, lammet mitt». Det lyder slik:
Killebukken, lammet mitt,
skjønt det ofte går tungt og stridt
oppetter slette fjellet,
følg du vakkert din bjelle.
Killebukken, lammet mitt,
pass så dyktig på skinnet ditt;
mor vil ha det i fellen
som hun syr seg om kvelden.
Killebukken, lammet mitt,
legg så dyktig på kjøttet ditt;
vet du det ikke, tuppen,
mor vil ha deg i suppen.
Eit slikt syn på bondens forhold til husdyra sine gjorde Vinje harm: Då han skreiv diktet «Blaamann, Blaamann» var det meint som eit «motdikt» til det bjørnsonske synet. Diktet til Vinje lyder slik:
Blaamann, Blaamann, bukken min
tenk på vesle guten din.
Bjørnen med sin lodne feld
kan deg taka seint i kveld.
Gamle Lykle moder di
seint kom heim med bjølla si.
Så ikring seg ho mun sjå
liksom det var fåre på.
Det såg ut som det var naud,
kanskje no du ligger daud.
Titt du dansa kringom meg,
mangt eg rødde då med deg.
Når eg låg som blind og dauv,
grov du på meg med di klauv,
ja, du vilde vekkja meg
upp til leiken din med deg.
Du var sprek og glad og god.
all min ros du vel forstod.
Titt du veit eg sa til deg:
«Han veit meir enn mata seg».
Blaamann, Blaamann, svar meg no
mekre med ditt kjente ljod!
Ikkje enno, Blaamann min,
må du døy fraa guten din.
Grunntonen i dette diktet er eit heilt anna i enn det vi finn hos Bjørnson. Ein skal vera nokså hard om hjarterøtene for ikkje å bli gripen av Vinje sitt dikt. Det same kan ein ikkje utan vidare seia om diktet til Bjørnson.
Med dagens språkbruk kunne det bli hevda at det er Vinje sitt syn som alt i alt er mest økologisk, om vi med dette uttrykket meiner at menneskja må identifisera seg med, og sjå seg sjølv som ein del av naturen ikring oss.
Kanskje er det dette perspektivet som vi først og fremst treng i våre dagar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.