Titten på StortingetSAMFERDSLEIdar MoSogndalStatsminister Erna Solberg høyrer til Titten , slik som dei fleste på Stortinget i dag. Dei sat framfor TV-en og vart prega av Titten Tei som fekk opplæring av Rolf Kirkvaag i naturvern. Jernbane var der ei vikt

Publisert

Statsminister Erna Solberg høyrer til Titten Tei-generasjonen, slik som dei fleste på Stortinget i dag. Dei sat framfor TV-en og vart prega av Titten Tei som fekk opplæring av Rolf Kirkvaag i naturvern. Jernbane var der ei viktig løysing på framtidsproblema. Denne barnetrua sit som spikra på Stortinget og i regjeringa, og er i dag eit stort hinder for utvikling av ei energieffektiv norsk samferdsle med små utslepp av klimagassar både nasjonalt og globalt.

Kunnskapen i barneprogramma og i lærebøkene for ungdom var og er henta frå stortingemeldingane skrivne av byråkratiet i Samferdsledepartementet som er eigar av NSB. Der har ein bruk for god argumentasjon for ei statsbedrift som har bruk for veldige mengder statstilskot for å få hjula til å svive rundt. Statistikk i stortingsmeldingane og tolkinga av han er ikkje produsert i Statistisk sentralbyrå slik som for alle andre næringar, men i NSB i nært samarbeid med departementet. Produksjonen kan godt skje i forskingsinstitusjonar utanom departementet, men med innlagde føresetnader som er slik at jernbane kjem best ut ved samanlikning med alle andre transportformer. I brev av 7. januar 2002 frå SSB til meg, underskrive av direktør Svein Longva, så bekreftar SSB at ein ikkje produserer miljøstatistikk for samferdsle der, men at ein gjerne ville gjere det om ein fekk oppdraget. Byrået var merksam på at det vart brukt statistikk som til dømes sa at jernbane var betre enn buss på miljø, men at det ikkje var grunnlag for slike slutningar. Problemet er at statsminister Erna Solberg, resten av regjeringa og Stortinget held seg til den informasjonen som Titten Tei fekk av Rolf. Eg skreiv brev til kringkastingssjefen og varsla om at det var farleg å informere barn så ufagleg. Det ser vi.

Statsminister Erna Solberg var nyleg på stort besøk i Kina, og der køyrde ho lyntog. Ho var imponert over Kina si veldige satsing på tog som ei berekraftig samferdselsutvikling, men dette trur ikkje kinesarane på sjølve. I høve til folketalet er den kinesiske satsinga på tog mindre enn Erna sin plan for raskt tog mellom Bergen og Voss. Men så held dei seg til relevante utrekningar for økonomi og energibruk og satsar i staden på bil, elbuss og veg. Produksjonen av bilar og motorvegar er nå langt større i Kina enn i USA. Noreg må byggje veg som Kina.

I NTP 2018–29 er det avsett 450 milliardar kroner til jernbane, og det er nesten halvparten av statsmidlane til samferdsle. Dette er overlegen verdsrekord i jernbanesatsing i høve til folketalet, og det skjer i eit land utan grunnlag for jernbanetransport. Den viktigaste grunngjevinga for den historisk store satsinga på jernbane på regjeringa sin pressekonferanse på Oslo sentralbanestasjon 2. mars, var at dette måtte til for å nå målet for klimagassutsleppa i 2030. Problemet er stort. Denne feilsatsinga på nye, raske jernbaner som går parallelt med firefelts motorveg, vil auke klimagassutslepp og produksjonskostnader 100 gonger per ny reisande på bane i høve til på gratis elbuss. Elbussen vil køyre på ledig plass i vegnettet, og redusere behovet for vegkapasitet når folk går frå bil til buss.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement