Tilhøvet mellom jødedom og kristendom i Noreg i dag
Jesus frå Nasaret. Var han Gud eller berre eit moralsk ideal?
Foto: Wikipedia
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Religion
Dialogen mellom Det mosaiske trossamfund (DMT) og Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja (MKR) braut saman i 2016. Men tilhøvet mellom jødedom og kristendom er så komplekst og så lagnadstungt at samtalen djupast sett aldri kan avsluttast.
I september var det ein konsultasjon på HL-senteret om dette. På nytt vart det knuffing. Ifølgje Vårt Land fordi generalsekretæren i MKR, Berit Hagen Agøy, var redd for at kritikk av antisemittisme skal skugga for rettmessig kritikk av staten Israel. Teologiprofessor Gunnar Haaland hevda etter dette at ho er ueigna til å leia ein framtidig dialog på dette sensitive feltet. Så mykje om det, no over til det generelle.
Jødedom og kristendom har felles opphav og djupe likskapar, men dei skil òg lag på vesentlege punkt, fyrst og fremst i synet på Jesus frå Nasaret. I kortversjon: Var han Gud eller berre eit moralsk ideal? At kristne menneske i Noreg ofte står fram som forsvararar av staten Israel og av den jødiske minoriteten her i landet, kan ikkje løyna dette gapet.
På veg til mine teologistudiar på Menighetsfakultetet i Oslo på 1970-talet sykla eg ofte forbi Bergstien. Eg registrerte vel at der låg ein synagoge, men tenkte ikkje meir over det! Jødedom var noko me las om i bøker om nytestamentleg tidshistorie, og i studiet av gamaltestamentlege tekstar. På hebraisk, og med dugande lærarar som gav innføring i historiefagleg, ikkje-fundamentalistisk teksttolking. Men det vart liksom verande i ein isolert kristen boks, som stimulerte mi overtyding om at kristne eintydig er for jødane. At mykje av mellomalderens antisemittisme på kontinentet (Kristus-mordarar, brønnforgiftarar osv.) var kyrkjeleg inspirert, vart hjå meg hengande i lause lufta fordi det i Noreg ikkje fanst jødar den gongen.
Elles var det medstudentar som ivrig tok til orde for å driva jødemisjon, men eg tykte desse var litt for brennande i ånda. Det same tykte eg om propalestinske kristensosialistar. Så eg skugga helst unna temaet.
På 1990-talet fekk rabbinar Michael Melchior kyrkjeakademia sin brubyggingspris. Han hadde ikkje høve til å møta opp på årsmøtet på Granavolden gjæstgiveri for å ta imot prisen, men han vart heidra in absentia ved Bente Kahans oppvising «Jiddischkeit». Normalt ville det skjedd i Nikolajkyrkja like ved. Men av historiske grunnar hadde ho innvendingar mot å opptre i ei kyrkje, så det vart framført i eit lokale på gjæstgiveriet. Hennar innvendingar gjorde at eg på ein ny måte byrja å opna meg for tematikken.
I 1995 deltok eg på eit seminar der professor Leo Eitinger var til stades, omgjeven av velmeinande kyrkjefolk. Eitinger sa då, lett resignert i møte med velviljen: «Dere kristne tror dere forstår oss jøder, men dere gjør ikke helt det.» Ord frå ein slik autoritet kunne eg ikkje kimsa vekk.
Er det rimeleg at Israel–Palestina-konflikten skal fargeleggja så mykje av vår haldning til jødar her i landet og vera opphav til diskriminering av dei? Blir andre minoritetar vurderte på tilsvarande vis?
Holocaust er godt dokumentert, og revisjonisme og fornekting er utoleleg. Men er det rimeleg å la dette vera omtrent det einaste folk flest veit om jødefolkets historie?
Mange jødar her i landet har slektsrøter i den austeuropeiske jødedomen (som nazistane langt på veg utraderte). Kva kulturell arv har dei med seg derifrå? Kva er religion og kva er kultur for jødar i dag? Kva rolle spelar den skriftsamlinga som me kristne kallar Det gamle testamentet, og som dei kallar Lova, Profetane og Skriftene? I kristen forkynning vert jødedomen ofte karikert som ein regelreligion – korleis opplever jødar det? Berre for å nemna noko.
Jødiske organisasjonar er dei mest nærliggjande til å fremja kunnskap om jødedomen, og då bør me andre høyra etter. Men også Den norske kyrkja har eit ansvar her.
Arild Vøllestad er pensjonert prest.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø
«Måltidet skreid fram under både lågmælte og høglydte sukk og stønn.»
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE