Tilbake på sporet
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Samferdsel
Jernbanereforma som regjeringa Solberg innførte, var den største endringa i norsk jernbanesektor på over 20 år. Fleire selskap, fleire toppleiarar og – ikkje minst – meir konkurranse var viktige stikkord for reforma. I opposisjon var dagens regjeringsparti kritiske til reforma. Å splitte opp verksemder og opne for fleire private aktørar var ei avsporing som ikkje ville styrkje jernbanen.
Relativt raskt etter at vi overtok regjeringskontora i 2021, stansa vi Solberg-regjeringas konkurranseutsetjing av både persontogtilbodet på Austlandet og drifts- og vedlikehaldsoppgåver.
Jernbanen er samfunnskritisk infrastruktur, og då er det sentralt med sterke norske togselskap, slik at vi alltid er garantert eit togtilbod. Difor er det viktig at vi har sterke, heilstatlege togoperatørar som Vy og Flytoget.
For å gi dei reisande ein enklare kvardag og auke jernbanens konkurransekraft, meiner vi at det er føremålstenleg å redusere talet på selskap i sektoren. Her er vi allereie i gang, heilt i tråd med signala i Hurdalsplattforma. Spordrift AS – som av Solberg-regjeringa blei skilt ut som eit eige selskap frå Bane NOR for å kunne konkurrere på like vilkår om drifts- og vedlikehaldsoppgåver – blir tilbakeført til Bane NOR.
Drift og vedlikehald av jernbaneinfrastrukturen er kritisk kjernekompetanse som Bane NOR bør ha direkte kontroll over. Vi kan då ikkje splitte opp infrastrukturen ved å konkurranseutsetje desse tenestene i fleire små geografiske vedlikehaldspakker. Det medfører risiko for at vi ikkje klarer å sjå ting i samanheng, og at internasjonale aktørar tek over.
I samband med stenginga av Follobanen rettar Dag og Tid (6. januar) merksemda mot ein del utfordringar hos statsføretaket Bane NOR, men òg utfordringar i styringsmodellen i jernbanesektoren. Særleg er det merksemd på forholdet mellom Samferdselsdepartementet, Jernbanedirektoratet og Bane NOR. Direktoratet koordinerer sektoren, inngår avtaler om infrastruktur og togtilbod, gir faglege råd og utøver myndigheitsoppgåver. Bane NOR har ansvar for å byggje, drifte og vedlikehalde infrastruktur og forvalte jernbaneeigedom.
Eit av punkta i Hurdalsplattforma peikar på behovet for å gjennomgå dagens organisering av jernbanesektoren. Målet er ei enklare organisering og tydelegare ansvarsfordeling mellom departement, direktorat og Bane NOR. Dette arbeidet starta vi med i fjor sommar. For å få innspel til forbetringar har vi allereie hatt 15 møte – med mellom anna etatar, verksemder og fagforeiningar. Desse innspela, kombinert med erfaringar frå dagens styringsmodell og våre politiske mål, utgjer grunnlaget for arbeidet vi no gjer i departementet.
I tillegg er vi i gang med ei ekstern kartlegging av styringsmessige utfordringar som mellom anna skal omfatte arbeidsdelinga mellom Samferdselsdepartementet, Jernbanedirektoratet og Bane NOR, og avtaleverket mellom direktoratet, Bane NOR og andre selskap. Dette arbeidet vil gi viktige innspel til vårt interne arbeid med å gjere forbetringar i sektoren.
Jon-Ivar Nygård er samferdselsminister.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.
Foto: Anne-Line Aaslund
«Moren» og søstrene hennar
Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.
Foto: Another World Entertainment
Traust revolusjon
Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.
Metodeskuggespel med filter
Yanyas tredje album er innovervendt og lite oppsiktsvekkjande.
Partileiinga etter landsmøtet i Sosialistisk Venstreparti 22. februar 1976: Frå venstre nestleiar Steinar Stjernø, ny formann Berge Furre, nestleiar Berit Ås, parlamentarisk leiar Reidar T. Larsen og partisekretær Rune Fredh. Plakat: Mot kapitalmakt.
Foto: Henrik Laurvik / NTB
Personleg rapport om SV
Boka Steinar Stjernø har skrive om SV, reiser indirekte mange spørsmål utan svar.