Til mannen og maskuliniteten

«Bestefar står som ein bauta i livet mitt, stødig, klok og kunnskapsrik.»

Publisert Sist oppdatert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Simen Velle sine dristige utspel sjokkerte mange, men han fekk støtte i rapporten frå Mannsutvalget om at likestilling ikkje berre skal vere ein kvinnekamp.

Påstanden hans om at mennene sit att med kostnadane etter likestillingspolitikken, tok Tone Sofie Aglen tak i i artikkelen «Dårlig guttastemning» på nrk.no 13. mars, og stilte der det interessante spørsmålet: Har maskulinitet vorte noko negativt på venstresida, medan me har snakka om det feminine som noko positivt?

Som menneskerettsforkjempar og venstreside-kvinne kjende eg at det uansett var på tide å setje det maskuline på agendaen, ja rett og slett slå til med ei hyllest!

Bestefar står som ein bauta i livet mitt, stødig, klok og kunnskapsrik.

Maskulinitet er eit fellesnamn på dei eigenskapar som tradisjonelt karakteriserer den mannlege personlegdommen, som dristigheit, påståelegheit, dominans og uavhengigheit. Ein del av desse eigenskapane er knytt til biologiske kjønnsforskjellar, og her startar me, med biologien:

Når Bruce Springsteen entrar konsertscena, er det ikkje bestemor-hormonet som får seg ein booster; det er dei andre kvinnelege hormona som brusar høgt til vêrs! Sterk og tøff og full av musikalitet og rå energi, er Bruce krydderet i livet mitt som kvinne. Men i ein YouTube-video frå London kan me merke noko veikt og sårt i augo hans der han litt tafatt og synleg overvelda av kjensler, ruslar rundt på scena medan han syng «My Hometown».

Med merkbare trekk frå den mjuke mannen med dei feminine eigenskapane som mange kvinner drøymde om då kvinnerørsla starta opp for fullt på 70-talet, utan fotformsko, men med cowboystøvlar og musklar i staden for «puddingar», går han der, og eg seier ja takk, begge delar – det tøffe og det sårbare i same mann!

I songen «Du är min man» av Björn Ulvaeus og Benny Andersson, møter me ein mann som treng hjelp for å få tak på livet sitt att. Og kvinna som syng, både forstår og elskar. Ho seier han må tru på henne, for dette skal dei greie saman. «Two hearts are better than one … two hearts get the job done», seier Bruce så klokt i teksten «Two Hearts», endå ein mann som har forstått at kvinner og menn må jobbe saman, og ikkje mot kvarandre.

Både det maskuline og musikken hadde vore i livet mitt lenge før eg vart kjend med Bruce på byrjinga av 80-talet. Far var liten og spedlemma til mann å vere, men med dristigheit og rå kraft gjekk han laus på arbeidet på garden. Uavhengig av alt og alle, sta og påståeleg, tolka han både folkemusikk og Mozart med ei kjenslevar innleving, og den vakre tenoren hans var til glede både for oss og naboane på fine sommardagar! Far passa på at me jentene fekk like mykje som odelsguten, han var den som stod ved sida mi når livet gjekk meg imot, og som eg alltid kunne stole på.

Bestefar står som ein bauta i livet mitt, stødig, klok og kunnskapsrik. Han gav meg litteraturen og lærte meg å lese. Hjå bestefar vart den maskuline energien kanalisert med autoritet og myndigheit til politiske idear og tankar.

Gjennom tre periodar som ordførar for partiet Venstre fekk han sett i gang viktige prosjekt i kommunen, til gagn for heile bygdesamfunnet. Og ingen song dei gamle steva som bestefar.

Det skulle komme andre menn inn i livet mitt òg, men som måtte gå. Ikkje fordi det var noko gale med dei, men fordi dei ikkje var «mannen i mitt liv». Då var det best å la dei sleppe, tenkte eg, men smerta og hjelpeløysa deira såg eg. Ein av dei gav meg verdas flottaste son, og takksemd er det eg kjenner for han i dag.

Mannen i Abba-songen kan òg ha vorte «dumpa», og det er kan hende dette han skal prøve å gløyme og komme over. Men det er ikkje lett for ein mann, for eit slikt nederlag går på sjølve manndommen laus – han strekk ikkje til og feilar. Dette ser me att på sjølvmordsstatistikken.

Så må me hugse at vald og misbruk er vondskap og er styrt av andre krefter enn maskuliniteten, sjølv om det ofte er menn som gjer slikt. Kvinner har sine metodar som kan gjere like vondt, sjølv om dei ikkje gir direkte fysiske utslag. Usynlege sår på sjela kan ta lang tid å lege.