Til Dovre fell

Publisert

Eg hadde alt anna enn venta at arkitekten av vedtaket som resulterte i splittinga i Folkemusikk-Noreg, Ivar Schølberg, hadde kome med stønadsfråsegn til mi meiningsytring i essayform i høve dette vegskilet i Landslaget for spelemenn (Lfs). Han hadde dentid vore leiar der ei årrekke. Norsk folkemusikk og -danselag vart skipa som ei fylgje av dette møtet, som slik sett minte om skipinga av Lfs si lausriving frå Noregs Ungdomslag i 1923. Hardingfelespelarane, med fylgje seinare av felespelarane, vidare av dansarar og til sist kvedarar ville styre i eige hus. Statsstipendiat Arne Bjørndal var leiaren for dei i den fasen.

Dei verdiane han heldt fram i 1923 eg tolkar i essayform, mi forteljing om hendingane, var det som Lfs burde hatt i framsetet, også i tida etter 1986, då Lfs i røynda vart delt. NFD, Norsk Folkemusikk og -danselag vart skipa som svar på dette møtet sitt fleirtalsvedtak i 1987 og, med mi tilslutting, fusjonert med Lfs vel eit par tiår seinare. Jamfør skrivet mitt i Spelemannsbladet 10/09, «Ein fusjon».

Rett nok var det ei prioriteringssak for arbeidsfeltet i Lfs, noko forresten den vinnande fløya har freista å unndra seg tidlegare, men det var også ei umåteleg sterk dreiing av prioriteten i arbeidsområdet til landslaget. Deri ligg kva ein meiningsretta aktør som eg kan framføre av synspunkt om nettopp dette hovudpoenget.

For å hindre dette scenarioet som hende, så kontakta eg personleg Noregs Ungdomslag i Oslo, ved sjølvaste leiinga, då eg budde der periodevis, og fremja der ein tanke som var meir i tråd med dei tradisjonelle arbeidsfelta til det «gamle morlaget», Noregs Ungdomslag, andsynes det «avskalla» Lfs, utgått herifrå i 1923. Konkret gjekk dette ut på at NU skulle ta seg av den mykje omynskte, nye, og i talet fjorde eller femte landsdekkande gamaldansfestivalen i Noreg. Dette fekk eg aksept for i NU, noko dei seinare gjekk bort frå. Tilfeldig: Neppe. Det kunne i slikt tilfelle ha avverja det som utspelte seg på Lysebumøtet, årsmøtet til Lfs i 1986, då grunnfjellet mellom Straumsfjell og Andenape i Setesdal rivna. Største raset i manns minne der, om ikkje på Dovre.

Sjølv hadde eg derføre fremja framlegg for årsmøta om inntaking av nyare spel- og danseformer med eldre grunnlag i tradisjonar for visse strok av landet, som tevlingsgreiner på Lfs sine landskappleikar. Det vart røysta ned. Det var avund på Titanofestivalen og dei to–tre andre av liknande slag, som var drivkrafta til Schølberg & Co., synte det seg. Det vart snakka om struttande setelbunker ut av lommene på tilskiparane, noko Lfs heller ynskte for si lagskasse. Og nye lagslemer og meir lagspengar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement