«The Missing Children»
Pressekonferanse 5. april 1999 med (frå venstre) kommunal- og regionalminister Odd Roger Enoksen, utanriksminister Knut Vollebæk, statsmininster Kjell Magne Bondevik og justisminister Odd Einar Dørum om luftbru for kosovoalbanske flyktningar til Noreg.
Foto: Heiko Junge / NTB
Pressekonferanse 5. april 1999 med (frå venstre) kommunal- og regionalminister Odd Roger Enoksen, utanriksminister Knut Vollebæk, statsmininster Kjell Magne Bondevik og justisminister Odd Einar Dørum om luftbru for kosovoalbanske flyktningar til Noreg.
Foto: Heiko Junge / NTB
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
På flukt
Taliban si raske overtaking av Afghanistan kom særs brått på oss i den vestelege verda. Ein overlegen regjeringsstyrt militærstyrke kapitulerte så raskt at det nærmaste vi kjem på til samanlikning, er amerikanarane si raske evakuering og tilbaketrekking frå Saigon i 1975.
Situasjonen i Afghanistan er likevel nesten ikkje til å tru. Kva som no skjer, er uvisst, men oppfatninga hos mange er at Vesten har gjeve vekk eit land til fundamentalistar. Noko som vi veit kan bety undertrykking, overgrep og diktatur når sharialovene blir overordna all anna lovgjeving.
I ein 20-års periode har vestlege land bidratt til eit delvis meir likestilt samfunn, fleire kvinner har fått utdanning, steg for steg har vilkåra for folk blitt betre. Det er forståeleg at mange no vil søke tilflukt til opnare, friare og meir demokratiske land.
Eg skal ikkje gå meir inn på situasjonen i Afghanistan, men derimot gå inn på eit spor som blir meir og meir aktualisert: flyktningar som kjem av politiske, religiøse og humanitære grunnar eller på grunn av klimaendring, og som utfordrar oss til å skape ein verdsorden der land i lag må løyse og handtere menneske på flukt. Det er her tankane går tilbake til slutten av 90-talet, då eg stod midt oppi handteringa av flyktningstraumen frå Kosovo. Var vi meir liberale og mindre fryktsame då?
Oppi alt dette også ei soge om to gutar som enda godt.
Juni 1999: Krigen i Kosovo er nett ferdig, og det hadde vore store menneskelege og materielle tap. Krigen hadde skapt ein million flyktningar, der flesteparten hamna i Albania, men der 50.000 oppheldt seg på grensa mellom Serbia og Makedonia. Makedonia var eit land som på det tidspunktet var eit ferskt, men skjørt demokrati. Situasjonen var krevjande. FNs høgkommissær og Nato formidla ei utvikling som kravde politisk handling. Lokalt gjorde dei ein fenomenal jobb og hadde, tre veker etter krigen, full oversikt på individnivå over alle som hadde vore i ein fluktsituasjon. Oversikt over nesten alle, bortsett frå to gutar på ti og tolv år, som dei omtalte som «The Missing Children». Alle aktørar i Kosovo visste om og leita etter desse gutane.
I april same år, medan krigen var i gang, tok Venstres justisminister Odd Einar Dørum opp med regjeringa og statsminister Bondevik at Noreg burde sjekke ut det sterke signalet frå FN om at dei trong hjelp ved grensa mellom Makedonia og Kosovo. Ministrane Dørum og Enoksen fekk i oppdrag å reise til regionen. Det vart klart at situasjonen ved grensa var uhaldbar, og informasjonen dei to statsrådane tok med tilbake til regjeringa, førte til at Noreg tok imot 6000 flyktningar.
Noreg tok så initiativ overfor dei andre nordiske landa, og Danmark, Sverige og Finland vedtok å ta imot 6000 flyktningar kvar. Dette initiativet, der Noreg tok det første steget, gjorde at andre land kom på plass og tok sin del for å løyse opp i ein uhaldbar situasjon i Makedonia. Norden vart samde om å bruke omgrepet «kollektiv beskyttelse», og norske styresmakter etablerte luftbru mellom Skopje og Gardermoen og sikra mottaksplassar til 6000 flyktningar i løpet av 14 dagar. Desse stega, som Noreg og Norden tok våren 1999, var i seg sjølv konfliktdempande, og krigen slutta som sagt i juni.
Imponerande arbeid framover våren 1999 gjorde at det internasjonale samfunnet hadde full oversikt over flyktningar, men framleis var dei to gutane forsvunne. Dei hadde under flukta blitt brutalt skilde med makt frå foreldra sine av serbiske styrkar. I den delte byen Mitrovica hadde ikkje Nato og FN hatt tilgang til den serbiske sona, men denne dagen hadde franskmennene fått tilgang til heile byen.
To sivile nordmenn, VG journalist Eirik Mosveen og fotograf Harald Henden, kom seg same dag inn i den serbiske sona. På nesten mirakuløst vis greier desse to å finne dei forsvunne gutane, dei greier å få gutane med seg ut til den Nato-kontrollerte sona, og dei kjem raskt i kontakt med ein engelsk general i Nato. Denne generalen hadde brukt all si fritid i månader på å finne dei to gutane, han hadde eit sterkt engasjement, hadde gått frå flyktningleir til flyktningleir, sjekka alle telt. Han møter Mosveen og Henden kort tid etter, inne i den serbiske sona, og gjev beskjed til dei to mediekarane frå Noreg om å ta med seg gutane forbi den franske kontrollposten og til den britiske sona, der han hadde eit helikopter klart. Erik Mosveen og Harald Henden hadde funne Nato og høgkommissæren si siste brikke i puslespelet. «The Missing Children» var komne til rette.
Eg som skriv, var på denne tida statssekretæren til justisminister Dørum. Eg var heime i Jølster då telefonen ringde. Mosveen og Henden hadde fått lovnad om transport av desse gutane til Skopje, dersom dei i løpet av ein time kunne få eit vedtak frå den norske regjeringa og justisministeren, sendt på faks ned til Nato-hovudkvarteret i Kosovo. Sjølvsagt visste VG sine folk at statssekretærar har fullmakt til å fatte vedtak.
For meg var saka enkel, gutane kom klart inn under definisjonen Noreg hadde gjeve opphald til 6000 personar på. Vi har verdas beste embetsverk i departementa i Noreg, som også greier å skrive ut eit vedtak i løpet av ein time. Kort tid etter var gutane på eit fly frå Skopje til Noreg for å bli gjenforeina med familien sin. Eirik Mosveen og Harald Henden gjorde ein fenomenal innsats for å hjelpe to gutar som sjølv truleg ikkje hadde klart å komme seg ut av Mitrovica.
Vi har sett bilete frå flyplassen i Kabul med desperate menneske som gjer alt for å komme seg ut av sitt eige land. Dette er bilete som fortel oss kor mykje fridom betyr for folk. I Kosovo flykta folk frå ein situasjon med etnisk reinsing til fridomen i vest. I dag er det grunn til å tenke over at Noreg også kan ta initiativ som mobiliserer resten av Europa og verdssamfunnet, slik vi gjorde for 20 år sidan. Eg seier ikkje at vi kan bruke same resepten som i Kosovo, men det vil vere behov for internasjonalt samarbeid og semje om byrdefordeling for å handtere flyktningstraumar som FN sjølv tydeleg seier vil auke som følgje av humanitære kriser og klimaendringar. Politiske leiarar må gjere tidlegare justisminister Dørum sine ord til sine eigne: Der jussen stoggar, byrjar politikken.
Atle Hamar er tidlegare statssekretær.