Terje Tvedt og norsk bistandshistorie
Norsk bistandshistorie kom ut i 2003.
Les også
Anders Breidlid er professor ved OsloMet.
Foto: Erik M. Sundt
Å forske er å utfordre hegemoniske paradigme
Les også
Foto: Edvard Thorup
Makta og den uavhengige forskinga

Erik M. Sundt
«Å vere kritisk til noverande forhold i Sør-Sudan og til Kiirs styre står ikkje i motsetnad til å ha støtta fredsprosessen og frigjeringa i si tid.»
Les også
Foto: Edvard Thorup / Dreyers forlag
«Breidlid skil i det heile ikkje mellom forsking og aktivisme»
Les også
Sivile som har flykta frå det krigsherja Sudan.
Foto: Jok Solomun / Reuters / NTB
Om moralisme og hybris i Tvedts bistandsanalysar
Les også
Terje Tvedt finn motsetnader mellom intensjon og resultat i den norske bistandspolitikken, i deltakinga vår i krigane i Afghanistan, Libya og Ukraina, i handteringa av pandemien – kort sagt overalt.
Foto: Edvard Thorup / Dreyers forlag
Oppgjer med moralisering og vestleg hybris

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Bistand
I det siste nummeret av Dag og Tid, 29. november 2024, har Terje Tvedt eit stykke om «Professoren og norske tenkjemåtar». Det er eit tilsvar til ein kommentar frå Anders Breidlid om det store intervjuet Kaj Skagen hadde 15. november med Terje Tvedt om den siste boka hans.
Det var mykje godt i dette opphavlege intervjuet om kor snever den norske «politiske korrekthet» kan vere i mange spørsmål både i samtid og historie.
Problemet er at når det blir diskusjon, arbeider Tvedt seg fort opp i ei sterkt polemisk og ofte personretta form som gjer samtale vanskeleg. Så også i tilsvaret til Breidlid. I farta hevdar han at «etter 70 år med norsk bistand har det knapt vore genuint uavhengig forsking på kva Noreg faktisk har gjort».
Norsk utviklingshjelps historie i tre bind frå 2003 meiner han var styrt av Utanriksdepartementet frå ende til annan, og at dei hadde «rett til å godkjenne teksten før han blei publisert». Det siste er direkte feil, og det skulle Tvedt vite, ettersom han sjølv søkte om å bli ein av forfattarane og dermed skulle kjenne opplegget godt.
Opplegget følgde ein standard modell som har vore mykje brukt i eksternt finansiert forsking, nettopp for å sikre at forskinga er uavhengig: UD løyvde pengane og sette deretter prosjektet ut til Forskingsrådet. Forskingsrådet oppnemnde ei styringsgruppe, som inkluderte ein representant for UD og ein frå Forskingsrådet. Styringsgruppa vedtok arbeidsplan og tilsette forfattarar etter open utlysing. For min eigen del, først som medlem av styringsgruppa, deretter som forfattar av det første bindet, opplevde eg aldri at representantane frå UD var aktive i den eine eller andre retning av det faglege arbeidet. Andre medlemer og forfattarar kan sikkert stadfeste dette. Eg trur UD hadde eit veldig prinsipielt standpunkt til dette, i alle prosjekt av denne typen.
Reaksjonen etter publiseringa er ei anna sak. Bøkene fekk mykje merksemd i alle medium, ikkje minst fordi vi gjekk ganske utførleg inn på kva som skjedde på mottakarsida. Norad lét sin tidlegare informasjonssjef melde boka i Bistandsnytt og la deretter verket i skuffa.
Da Norad nokre år seinare jubilerte, vart ingen historikar invitert.
Jarle Simensen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.