TerfelkritikkenMusikkKari Gaarder LosnedahlBergenEg har ein kommentar til Sjur Haga Bringelands melding om «den haltande bassbarytonen» Bryn Terfel i Grieghallen 25. mai (Dag og Tid nr. 22).
Bryn Terfel og Caradog Williams i Grieghallen.
Foto: Magnus Skrede
Eg har ein kommentar til Sjur Haga Bringelands melding om «den haltande bassbarytonen» Bryn Terfel i Grieghallen 25. mai (Dag og Tid nr. 22).
Eg hadde nok ei heilt anna oppleving av konserten med Bryn Terfel enn Sjur Haga Bringeland, og det er for so vidt greitt. Ulike oppfatningar av kulturelle uttrykk er vanleg og absolutt legitimt. Det er likevel eit punkt eg ikkje kan la stå uimotsagt med di eg meiner Bringeland rett og slett har mistolka Terfels «utgang»: Etter at han sjølv hadde sunge sin del av komposisjonen (Schumann), men før klaveretterspelet, spaserte han ut «med innleving», skriv Bringeland. Dette førte til at «publikum humra høgt, slik at det vakre – og viktige – klaverspelet drukna i knegging frå salen». Han lastar ikkje publikum, dei responderte slik Terfel la opp til, men han meiner det var «dårleg gjort» andsynes akkompagnatøren. Han er tydeleg djupt skuffa over at Terfel kunne oppføre seg slik.
Ja, det er rett, vi vart overrumpla då songaren gjekk, og vi såg på kvarandre: Kva tyder dette? Men snart vart det stilt, den godlynte humringa varte ikkje lenge, og den fabelaktige pianisten Caradog Williams fekk no råde scena åleine. No var det han det handla om, no var han solisten. Det var storslege. Hadde Terfel blitt att på scena, ville nok mykje av merksemda framleis vore på han. Men no trekte han seg klokleg – og raust – attende og lét Williams få sin rettelege plass. At Terfel markerte – «med innleving» – at han gjekk ut, røska litt i publikum, noko var på gang. Og det fekk vi verkeleg oppleve. For meg var Terfels fråvær under Williams’ solospel derfor ei gjennomtenkt handling og ei hyllest til ein kollega og likemann frå Terfels side.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.