JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Tendensiøst om Georg Johannesen og mykje anna

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kaj Skagen.

Kaj Skagen.

Foto: Bård Kjersem

Kaj Skagen.

Kaj Skagen.

Foto: Bård Kjersem

4026
20221118
4026
20221118

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Georg Johannesen

Dag og Tid har gjeve Kaj Skagen fire heile sider til å ytre seg i fri dressur om Georg Johannesen og ei påstått dyrking av han som ein profet i visse miljø.

Skagen har mykje på hjarta. Han vil gjerne gjere opp med Georg Johannesen og dei påståtte læresveinane hans, men kva er det eigentleg han prøver på? Han prøver å skape dette inntrykket hjå lesaren: Her står eg andsynes eit grundig journalistisk arbeid, eit rettkome, velinformert og sakleg oppgjer med noko politisk suspekt og uoppgjort i vår nære litteratur- og kulturhistorie. Mitt inntrykk er tvert om at essayet til Skagen er gjennomgåande usakleg og fullt av tendensiøst utanomsnakk.

Det fyrste lesaren må ta greie på, er kva essayet til Skagen handlar om, men det er lettare sagt enn gjort, for det tar opp mange spørsmål og handlar om mykje på ei og same tid. La meg likevel prøve å formulere det samla resonnementet i essayet: Ettersom Georg Johannesen var ein slik sterk personlegdom, og fordi han såleis vart til ein profet i visse miljø, er han vorten overvurdert som lyrikar. Overskrifta «Profet utan bodskap» peiker i den leia, og ingressen profilerer denne bodskapen tydelegare: «Personlegdomen til Georg Johannesen var sterkare enn diktverka hans. Det førte til at forfattarskapen hans vart overvurdert», står det.

Korleis står fakta i høve til saka og det resonnementet som Skagen fører? Eg har festa meg ved nokre påstandar i det andre avsnittet, som at Georg Johannesen «var så sjølvsikker at han hadde forakt for all dialog og alle reglar for danna samtale. Han tenkte og skreiv i eit marxistisk klasseskjema, men delte menneska opp i ‘intelligente’ og ‘dumme’» (s. 12).

Georg Johannesen hadde slett ikkje forakt for all dialog. Tvert om prøvde han på alle moglege måtar å gjere dialog mogleg, men utifrå eit agonisk prinsipp me kjenner frå sofistane, Sokrates og Platon: Han ville få fram motsetningar så fort som mogleg, slik at saka kunne kome klårt fram, for det er alltid minst to sider av ei sak.

Det same gjeld påstanden om forakt for «alle reglar for danna samtale». Ein kunne med rette hevde at Georg Johannesen nokon gonger var for oppteken av reglar for danna samtale, og at det var grunnen til at folk kunne få så øyra flagra. Det var slett ikkje fordi han opererte med eit antropologisk skilje mellom «intelligente» og «dumme» menneske, vil eg hevde, men fordi han var alvorleg oppteken av å fremje kunnskap, læring og tenking.

Georg Johannesen tenkte og skreiv ikkje i eit marxistisk klasseskjema, men i ein lang tradisjon for dialektisk framstilling av motsetningar. Dialog handla ikkje for han om å «snakke saman» til ein blir samd. Tvert om: Ein slik jakobinsk praksis oppfatta han som skadeleg og livsfarleg. Det handla om å gå rett på sak, nå raskt fram til motsetningane og våge å ta den verbale kampen som då må komme. Det var fyrst og fremst ein munnleg praksis, som også vart gjennomført i skrift.

Eg kunne halde fram med å gjendrive den eine etter den andre av påstandane som Skagen set fram, men det får rekke at eg kort karakteriserer framgangsmåten hans: På den eine sida seier Skagen heilt greie ting som mange veit, fakta i saka, om ein vil, fakta som alle no kan lese om i biografien til Alfred Fidjestøl. På den andre sida fremjar han ei rad synspunkt i tilknyting til desse veldokumenterte tinga, synspunkt som gjev seg ut for å vere klåre historiske sanningar, definitive idéhistoriske analysar og nøkterne litteraturvitskaplege vurderingar. Det som faktisk skjer, er at Skagen, gjennom ei rotete blanding av slikt som kan vere både sant og falskt, lar aporiane hoppe fram på sidene og seie «her er eg!». I denne «hopp og sprett og tjo og hei, og fire kvister deler seg»-metoden olbogar Skagen seg fram gjennom skogen som om han er nøktern i faktabruken, sakleg i saksframstillinga og fagleg i utføringa. Det er han knappast i mine auge.

Ingmar Meland er fyrste­amanuensis i filosofi ved Noregs teknisk-vitskaplege universitet (NTNU).

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det er nærare eitt år sidan klima- og miljøminister Espen Barth Eide fekk rapporten frå leiaren i Genteknologiutvalet, Anna Wargelius, men er vi noko nærare å skjøne kva han handlar om?

Foto: Javad Parsa / NTB

KommentarSamfunn

«Visste du at vi held på å tillate bruk og omsetning av genmodifiserte organismar i Noreg?»

Siri Helle

Barnelege og stipendiat Joel Selvakumar er kritisk til fleire artiklar Dag og Tid har publisert om seinfølger av covid-19.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
JoelSelvakumar

Einsidig om seinfølger

Risikoen for seinfølger etter covid-19 har falle dramatisk, og det er ikkje grunn til å tru at han aukar med gjentatte infeksjonar

Ameline med den fyrstefødde, Symra, i 2018.

Foto: Svein Gjerdåker

LandbrukSamfunn
Svein Gjerdåker

Dag og Tid-kua Ameline er daud

Ein morgon i mars låg Ameline daud i fjøset til Hilde og Lars Selheim på Voss.

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Sju menn fortel sju historier knytte saman av musikk og ein fellesskap om det å ikkje høyre til.

Foto: Den Nationale Scene

TeaterMeldingar

«Som få evnar Frode Grytten å skildre menn som av ymse grunnar fell utanfor.»

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis