Teknologisk imperativ?

Publisert

I Dag og Tid nummer 36 skriv Per Thorvaldsen om det teknologiske imperativet, ei førestilling om at den teknologiske utviklinga ikkje kan styrast. Det er fåfengt å regulera den teknologiske utviklinga, skriv han, me blir styrte av det teknologiske imperativet.

Thorvaldsen målber her eit teknologisyn som pregar vår tid. Utviklinga må få gå sin gang, styrt av marknadskreftene, og teknologien er ein viktig pådrivar for vekst og velstand. Men i sektor etter sektor ser me at denne litt stusslege politiske ideologien også inneber nye og store utfordringar for menneske og samfunn, ikkje minst i møtet med miljø- og klimakonsekvensar.

Då internett kom for fullt på 90-talet, tenkte dei fleste at digitalteknologien ville styrka føresetnadane for demokrati. I informasjonssamfunnet ville alle få tilgang til dei same kjeldene og kunna delta i meiningsutvekslinga. Hurra!

Men det som i byrjinga såg ut som ein fridomsimpuls, har etter kvart slått ut i motsett retning og vorte ein teknologi som fremjar autoritære straumdrag med kjenneteikn som overvaking, kontroll, propaganda, manipulering, einsretting, sensur og mistillit. Eg er ikkje åleine om å bekymra meg for demokratisk forvitring. Thorvaldsen nemner òg nokre slike utviklingstrekk i kommentaren sin, men ser ut til å godta dei som ein konsekvens av det teknologiske imperativet.

Han er òg innom energiforbruket. Datasentera vil om få år vera den dominerande bidragsytaren til utslepp av klimagassar. Men me kan vel gjera noko med dette om vi vil? Skal me byggja datasenter i Noreg for Google og Meta, slik at dei kan bruka vasskrafta vår på å la algoritmane sine kverna på persondata og bileta våre døgnet rundt? Er det til beste for folket? Me kan vel velja å seia nei og i staden bruka krafta til nyttigare formål?

I den siste boka mi, Digitalt diktatur, frihetens vilkår i informasjonssamfunnet, prøver eg å sjå utviklinga frå både eit teknologisk og eit humanistisk perspektiv. Boka handlar om nettkulturen i brei forstand, ein massiv påverknad som truar tenkinga, danninga og fridommen vår. Den teknodeterministiske tidsånda pregar samfunnet vårt, og den kommersielle teknologimakta møter førebels lite motstand frå samfunnsdebattantar og frå akademia.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement