Tapt land?NynorskArne EspelundTrondheimSvein Gjerdåker har ei sak med sår undertone i Dag og Tid nr. 12–13 om Trøndelag som tapt nynorskprovins. Eg vil ta til motmæle ut ifrå ein annan ståstad. Det er klårt at skulekrinsar har vorte til bokmålsbruk, sjølv
Svein Gjerdåker har ei sak med sår undertone i Dag og Tid nr. 12–13 om Trøndelag som tapt nynorskprovins. Eg vil ta til motmæle ut ifrå ein annan ståstad. Det er klårt at skulekrinsar har vorte til bokmålsbruk, sjølv om trøndsk språk nok har meir sams med nynorsk.
Eg er sjølv oppvaksen på «Oslos beste vestkant» og har slektningar som seier og skriv «hytten», «gaten» og så bortetter. Men når eg les kva eg skreiv for 20 år sidan, har eg endra språkstil. Ikkje berre einskildord, men også syntaksen har etter kvart gått i retning av nynorsk. Eg er vel for ein halv konvertitt å rekne. Eg er takksam for at eg kan hente inn ord og vendingar frå det andre språket. Eg trur denne tendensen er typisk for det norske språktilhøvet. Til og med Adresseavisen har teke inn a-endingar og med det vorte mykje friskare. Kan hende vi får eit samnorsk med tida?
Eg driv mykje med allsong og har stor glede av songar på nynorsk. Ein gong skreiv eg i Klassekampen at «Millom bakkar og berg» skulle ha vore nasjonalsongen vår. Eg fekk nokre positive svar. Teksten til Ivar Aasen har stor poetisk kvalitet, med både bokstav- og enderim, godt tonesett av Ludvig Lindeman. Men aller best er det biletet han gjev av landet vårt og den kjærleiken han har til den egalitære kulturen. I mange songbøker, slik som Mads Bergs, er to vers tekne ut, til dømes:
Lat no andre om storleiken kivast, lat deim bragla med rikdom og høgd.
Millom kaksar eg ikkje kan trivast, millom jamningar helst eg er nøgd.
Det var helst for «raudt» for det borgarlege Oslo.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.