Tap for danskane i ishockey
Per Egil Hegge fortel fornøyeleg om tapet for Danmark i ishockey i Dag og Tid 3. september. Tenkje seg til å tapa i vintersport mot dette snø- og islause landet som vi har spøkt med i alle år.
No kjem dei til nye og flotte Jordal Amfi. Arenaen ligg på den staden der ishockeyen vart spela under OL i Oslo i 1952. Nettopp på denne halvt heilage grunnen tek dei seg til rette med å kapre den OL-plassen vi så gjerne skulle hatt i 2022.
Hegge skriv at vi truleg kan setja ein skiljestrek gjennom året 2021 på grunn av dette tapet. Men det har lege i korta lenge. Noreg har ikkje vunne over Danmark sidan 2014, og etter det har det vorte fire strake tap der samla målskilnad er 1–12. I hockey er det berre VM- og OL-kampar som tel.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.