Talet var høgareHistorieBaard Herman BorgeI eit elles godt innlegg om tyskarjentene 2.11, hevdar Arild
I eit elles godt innlegg om tyskarjentene 2.11, hevdar Arild Vøllestad at 3000–5000 kvinner blei «internerte eller arresterte» våren og sommaren 1945, og vidare at dette i nokon mon skuldast at heimestyrkane (HS) ville verja dei mot trakassering. Båe delar er feil. Tala hans, som ein finn i rapporten HL-senteret i fjor utarbeidde for Regjeringa, gjeld berre dei av kvinnene som blei internerte i lengre tid utover sommaren og hausten. Det samla talet på tyskarjenter som blei arresterte ved frigjeringa og så haldne fanga i nokre dagar eller eit par veker, var høgare, tidlegare overslag ligg på 10.000–12.000.
Dei fleste blei tekne til fange av HS-folk. Var motivet deira å verja kvinnene, slik Vøllestad tenkjer seg? Ifølgje historikaren Kåre Olsen ønskte både HS og politiet rett og slett å straffa kvinnene, og oversåg medvite at dei mangla lovheimel. Av mange hundre avhøyrsrapportar viser kun eit fåtal til akutt fare for overgrep frå befolkninga som grunngjeving for å fengsla ei tyskarjente. At HS-menn mange stadar tolererte, eller sjølv tok del i hårklipping og andre overgrep mot desse kvinnene, høyrer òg med i biletet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.