Takk for turen

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Den finskfødde kona mi og eg har behov for å takka Hallgeir Opedal for reportasjeserien hans frå Finland. Det har ikkje akkurat runne over med informasjon frå dette grannelandet i norske medium opp gjennom åra. Unntaka nå i det siste har vore utsiktene til finsk Nato-medlemskap, og framfor alt at statsminister Sanna Marin går på diskotek!

Mytar og vitsar derimot overtar journalistar meir enn gjerne og formidlar villig vidare: «Det sies at en innadvendt finne ser ned på skoene sine når han snakker til deg. En utadvent finne ser på dine sko.» Det var den finlandsrapporten eg fann i Stavanger Aftenblad i løpet av 2018, like etter at landet feira hundre år som sjølvstendig nasjon, og hundre år etter den forferdelege borgarkrigen. Folk der borte snakkar lite og drikk mykje. Dei piskar seg i glovarme saunaer og rullar seg i snø, og dei lagar jammerleg fjernsynsteater. Om ikkje det var nok, så held dei seg med eit komplett uforståeleg – og dermed lett komisk – språk.

Mytane startar der kunnskapen sluttar, og kunnskapen er avhengig av interesse og nyfikne. Rune Gokstad og Øystein Bakke gjorde rett nok, på vegner av NRK fjernsynet, ein biltur på langs i landet for nokre år sidan. Men dei to morogutane var meir opptatt av seg sjølve enn av folk og forhold dei freste forbi. Så reportasjane til Opedal har vore ein nyttig og kjærkommen oase i ørkenen. Eg håpar at mange Dag og Tid-lesarar har fylgt med han og sparkesykkelen hans på turen deira.

For kona mi og meg, som har hatt sirka førti ferieopphald i landet, er mykje av det han fortel om stader, folk, språk og historie, kjent. Men slett ikkje alt. Opedal skriv at han oppdaterte seg om faktiske ting undervegs, men me har mistanke om at han kunne meir enn han ville vedgå ­– det gjeld språket også.

Mytane og fordommane dei to grannelanda våre imellom er kanskje gjensidig. «Nordmennene?» spør ein av personane i Väinö Linnas Söner av ett folk. «Eit fattig folkeferd som lever inni fjordbotnane og fiskar sild!» Boka blei rettnok skriven før olja kom. På finsk fjernsyn og i avisene flyt det heller ikkje over av Noregs-nyheiter, men eg vågar likevel å påstå at stillinga er 1–0 til Finland her. I dagane etter den 22. juli for elleve år sidan handla naturlegvis alt om Noreg. Då hang det finske flagget på halv stong framfor hytter og hus. Og som norsk i Finland får eg ofte interesserte spørsmål om «Norja».

Det finst mykje stoff å ausa av for den som vil vita meir om grannen i aust, både frå nåtid og fortid og både av godt og vondt. Men det krev ei viss interesse frå dei som burde ha ansvaret for slikt: media og skuleverket. Serien til Opedal kan stå som eit velformulert og inspirerande eksempel. Takk for turen, Hallgeir og Arja!