Oppvekst

Tåkelegging om skilsmisse

Eneggede tvillinger på tur i skogen med sine foreldre. Familie på tur. Barn og foreldre. Familielykke. Hånd i hånd.Identical twins with their parentsFoto: Frank May / NTBNB! MODELLKLARERT
Publisert

Ei gruppe forskarar frå Folkehelseinstituttet (FHI) hevdar på plattforma Forsking.no at samanhengane mellom familieoppløysing og dårleg helse blant barn og ungdom er baserte på assosiasjonar og ikkje på årsaksforhold.

Det er påfallande at FHI-forskarar gjentar dette gong på gong og legg hindringar i vegen for nødvendige og helsefremjande forbetringar i lovgjeving og myndigheitsutøving. Både i 2017 og i 2022 konkluderte dei, i to kunnskapsoppsummeringar, med at forskinga ikkje gav støtte til delt bustad og jamstilte foreldre. Dei legg så strenge krav på forskingsmetode at store delar av internasjonal forsking vert annullert trass i at forskinga peiker konsistent på at barn treng omsorg frå begge gode nok foreldre.

I innlegget på plattforma til Forsking.no stadfestar FHI-forskarane at det er metodisk robust forsking som har justert for bakanforliggande faktorar, og som avslører tydelege samanhengar mellom familieoppløysing og problem for barn og ungdom. I tillegg til dei referansane forskargruppa viser til, er der prospektive (studiar med to eller fleire målepunkt) og kvasieksperimentelle studiar (studiar baserte på endringar i lov- eller myndigheitspraksis) som sannsynleggjer årsakssamanhengar.

I dei seinare åra har forskarar knytte til samfunnsøkonomi utvikla nye statistiske metodar som gjer årsakssamanhengar meir sannsynlege. Med data frå Austerrike finn samfunnsøkonomane som står bak, sannsynlege årsakssamanhengar mellom skilsmisse og reduserte menneskelege ressursar (human kapital), som igjen forklarar lågare utdanning hos born av begge kjønn, tidleg død hos gutar og tenåringsgraviditet hos jenter.

Forsking og formidling av forsking dreier seg alltid om å vege sannsyn for årsak opp mot kor alvorlege helseproblema vi står overfor, er. I dette fagfeltet er vi avhengige av observasjonar på folkegrupper og naturlege eksperiment, til dømes studiar på oppfølging etter rettsavgjerder.

FHI har aldri påvist at aleineomsorg bidreg til god helse hos barn. Dei åtvarar mot moralske peikefingrar og påstår at folk som gjer merksam på sannsynlege konsekvensar av familieoppløysing, kan gjere vondt verre. Det finst, så langt eg veit, ikkje forskingsevidens for ein slik påstand. Om det var slik at aleineomsorg var det beste alternativet i familiar med påstandar om konflikt og sviktande omsorg, er det påfallande at FHI og andre aksepterer at ni av ti aleineforeldre er mødrer, eit forholdstal som har vore konstant sidan revisjonen av barnelova blei gjord tidleg på 1980-talet. Det er på hi sida av fornuft å tru at i ni av ti tilfelle vil ei omsorgsløysing med mor som aleineforelder vere til det beste for barna.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement