Skule

Systemet bak fråværet

Sidan 2019 har det blitt langt fleire tomme pultar i norske klasserom. Ingen veit kvifor fråværet har auka så mykje.
Publisert

Takk for ein grundig artikkel om fråværsutviklinga i Dag og Tid den 24. april. Eg skriv fordi framstillinga inviterer lesaren til å sjå ein samanheng mellom auka fråvær og fleire legebesøk, sjølv om fagpersonane de intervjuar, seier at vi ikkje har kunnskapsgrunnlag til å konkludere slik.

For det første kan ikkje fråvær forklarast utan å sjå på rammene elevane møter. Sidan 2019 har mange kommunar kutta i spesialpedagogikk, miljøarbeid og pedagogisk-psykologisk teneste. Lærarar står med for store grupper og for mange behov, og mange skulebygg er tronge og lite eigna for elevar som treng ro, struktur eller tilrettelegging. Foreldre blir òg ofte møtte med mistanke før dei blir møtte med hjelp, noko som forsterkar presset rundt elevane. Når kapasiteten sviktar, blir fleire ståande utanfor.

For det andre kan det at fleire oppsøker helsevesenet, handle om langt meir enn sjukdom. Det kan vere mindre stigma, endra praksis hos fastlegar, krav om dokumentasjon frå skulen eller at fleire slit fordi systema rundt dei slit. Mange barn har òg redusert helse etter pandemien, men skulen har ikkje justert forventningar eller rammer. Då er det ikkje overraskande at fleire fell frå.

For det tredje får ei helseforklaring klare konsekvensar. Når fråvær blir tolka som eit medisinsk fenomen, slepp skulen kritikk, kommunane slepp ansvar, og staten slepp å ta stilling til eigne plikter. Forklaringa flyttar ansvaret nedover i systemet – frå dei som styrer rammene, til dei som må leve med dei.

Ei slik forenkla forklaring tener dei som allereie har makt over finansiering, kapasitet og lovverk. Skulefråvær er ikkje eit mysterium. Det er eit styringsproblem. Og ansvaret ligg hos dei som kan endre systemet, ikkje hos barna som blir pressa ut av det.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel