Sviket mot Assange
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Lagnaden til Assange kan samanliknast med ein annan varslar. Den tyske journalisten Carl von Ossietzky hadde lenge kritisert tyske styresmakter si framferd. I 1932 var han nokre månader fengsla for å ha publisert traktatstridig tysk opprusting. I 1933 vart han på ny fengsla, no av Hitler-regimet. To år seinare kom det fram at han var alvorleg mishandla og torturert.
Etter fire år i konsentrasjonsleir vart Ossietzky i 1936 tildelt Nobels fredspris. Både internasjonal og norsk reaksjon var blanda. Før tildelinga trekte fleire norske toppolitikarer seg frå komiteen for å sleppa å koma i unåde hjå stormakta Tyskland. Norges Handels- og Sjøfartstidende hevda at tildelinga reiv ned «det som vår idrettsungdom, våre forretningsmenn og våre sjøfolk bygde opp». Konservative Studentforening utnemnde Hitler til «nasjonal ungdom sin åndelige fører». To år seinare døydde ein tuberkulosesjuk Ossietzky i fengselet utan å ha motteke prisen.
Julian Assange, ein av leiarane i organisasjonen WikiLeaks, publiserte i 2010 hemmelegstempla opplysningar, mellom anna om krigsbrotsverk av USA i Afghanistan og Irak. Same året vart Assange skulda for seksuelle overgrep i Sverige. Han vart arrestert i Storbritannia, men sleppt fri mot kausjon. Han søkte då tilflukt i Ecuadors London-ambassade og oppheldt seg der til april 2019. Immuniteten vart då oppheva, og han vart så fengsla i London, der han framleis er. Undervegs fekk han femti vekers fengsel for å ha brote kausjonsreglementet. Den «svenske saka» er lagd bort.
I mai 2019 vart han av USA skulda for spionasje og kravd utlevert. Av helseomsyn avslo britisk høgsterett i januar 2021 dette. Ein anke frå USA er no under handsaming. Undervegs oppstod tvil og usemje om Assange. Det mest omdiskuterte emnet var om han var varslar, hackar eller spion.
Norske medium hamna på ulike sider, nokre fann det best å underkommunisera det. Lagnaden til Ossietzky og Assange byr både på likskapar og skilnader. Begge publiserte hemmelegstempla informasjon om alvorlege stormaktsbrotverk. Begge vart forfølgde og begge utsette for karakterdrap, fridomstap og tunge sjelelege påkjenningar.
Tysklands Hitler-styre vart i ettertid totalt diskreditert. Det skjedde ikkje med USA. Ossietzky vart fysisk torturert, Assange ikkje, men den lange isolasjonen og overvakinga gav så alvorleg psykisk skade at det ramma den fysiske helsa. Ossietzky miste livet, Assange lever enno. Ossietzky fekk Nobels fredspris, Assange ikkje.
Ingen av skilnadene rokkar ved essensen: Begge journalistane publiserte hemmeleghaldne, alvorlege lovbrot hjå militære stormakter i samtida.
Den norske nobelkomiteen gav i 2021 fredsprisen til to journalistar, ein frå Filippinane og ein frå Russland. Organisasjonen PENs Ossietzkypris for modig ytringsfridom gjorde nyleg noko liknande. Siste ord om Ossietzky er kanskje sagt. Men enno ikkje for Assange, og heller ikkje for den samtida som sveik han.