Sviket i XUHistorieSvein SæterI kommentaren sin om Joachim Rønneberg skriv Bernt Hagtvet at han «ikkje kjenner til personar i motstandsrørsla som gjekk til Gestapo for å snikmelda sine eigne». Hagtvet legg til at han vil setje pris på å bli korrigert.
I kommentaren sin om Joachim Rønneberg skriv Bernt Hagtvet at han «ikkje kjenner til personar i motstandsrørsla som gjekk til Gestapo for å snikmelda sine eigne». Hagtvet legg til at han vil setje pris på å bli korrigert.
Eit slikt «svik innanfrå» skjedde mot slutten av krigen i XU, den største og viktigaste norske etterretningsorganisasjonen. XU-agenten med dekknamnet «Nils» gjekk til Gestapo i Drammen og fortalde det meste han visste, også namn på mange andre agentar. Det førte til ei bølgje av arrestasjonar i Drammen, Tønsberg, Sandefjord, Skien, Porsgrunn og Rjukan den 22. mars 1945.
Om lag 30 personar vart arresterte og førte til Drammen, der dei fleste vart torturerte. Utfallet kunne vorte uhyggeleg om ikkje den arresterte XU-agenten Bjarne Sørensen hadde greidd å organisere ei fantastisk flukt: Han overtala vaktsjefen i fengselet (Børsen i Drammen), den tvangsmobiliserte tsjekkaren Alois Churavy, til å skjenkje kollegaene sine sanselaust fulle og låse dei inne i kvar si celle. Deretter sleppte Churavy ut fem av dei viktigaste og mest torturerte fangane. Bjarne Sørensen fekk ei Gestapo-uniform. Så marsjerte dei i samla flokk ut av byen, med Churavy og Sørensen som tungt væpna «vakter».
Flukta skjedde passande nok den 1. april. Følgjet stakk til skogs og tok seg sørover mot kysten av Vestfold, der det vart organisert båtskyss. Eit par dagar etter flukta frå Børsen var alle trygt over i Sverige.
Det var Bjarne Sørensen sjølv som fortalde meg om dette da eg saman med far min, XU-agenten Einar Sæter, arbeidde med boka XU. I hemmeleg teneste 1940–45 (Samlaget 1995, utvida utgåve 2007).
Men kvifor sveik agenten «Nils» så frykteleg, og på eit slikt tidspunkt – da alle visste at Nazi-Tyskland ville tapa krigen? Ein av XU-leiarane, Gunnar Kværk, hadde sjølv rekruttert «Nils» til organisasjonen. Kværk grubla mykje på spørsmålet og kom fram til at «Nils» var sterkt prega av ein forferdeleg oppvekst med ein psykopatisk far. Derfor reagerte han ekstremt på ein personleg konflikt internt i XU.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.