Svensk traume i 300 år
Våre svenske vener kan nok leve med det uoppklara mordet på Karl den tolvte, men verre er det å leva med at mordet på Olof Palme ikkje er oppklara, skriv Åsulv Edland.
Okänd fotograf
Sverige
I Sverige synest det ha blitt ein viss tradisjon å drepa store politikarar. Nasjonen blir etterlaten i eit traume som kan vare i årevis: Kva var motivet? Kven gjorde det?
I 1718 blei svenskekongen skoten i grava rundt Fredriksten festning i Halden. Det har gått 300 år, og svenskane (og vi) lurar på kven drapsmannen var. Det er svært sannsynleg at det var ein mann, men var han ein norsk soldat som gjorde ein heltedåd, eller var det ein krigstrøytt svensk soldat som gjorde denne nidingsdåden og skaut sin eigen konge. Motivet synest iallfall vera klart: å få slutt på den meiningslause krigen som hadde vart i årevis mellom Sverige og Danmark-Noreg. I det siste har det blitt brukt moderne DNA-teknikk for å finne ut om det var ein svenske eller ein nordmann som stod bak dette nidingsverket / denne heltegjerninga. Men svaret har vi ikkje fått, så vi må halde fram med å gruble.
I 1986 går Olof Palme og kona Lisbet på kino for å more seg med den prislønte filmen Brøderna Mozart. Like etter at dei kjem ut på gata, blir Olof Palme skoten og drepen og Lisbet lettare såra. Det svenske politiet er litt trege med å koma skikkeleg i gang før dei slår «rikslarm» og ingen mordar blir pågripen. Etter kvart kjem det svenske politiet og rettsapparatet inn for fullt. Her skal det satsast stort for å oppklare drapet på ein av Europas fremste politikarar. Olof Palme var ein sterk politikar med eit klart språk. Det var mange som kunne ha lyst «til å setje ei kule» i han etter all den grove kritikken han hadde sendt ut i aust og vest. Mange spor blei granska: PKK-sporet, kurdarane kunne ha drepe han for manglande støtte, Sør-Afrika hadde fått sterk kritikk for apartheidpolitikken sin, og Palme støtta ANC og Mandela, i Midtausten var Palme kritisk til Israels politikk og CIA og USA hadde også fått mykje kritikk frå Palme. Politiet har i årevis snudd steinar og granska om det er her svaret på Palme-mordet ligg. Men politiet har ikkje funne prov eller sterke indisium blant dei som hadde «gode grunnar» til å rydde han av vegen.
29. mai 1989 blir Christer Pettersson tiltalt i Stockholms tingrett for å ha drepe Olof Palme og prøvd å drepa Lisbet Palme. Vi som fylgde rettssaka, trudde nok at her hadde politiet endeleg løyst drapssaka. Særleg var Lisbet Palmes vitneprov overtydande og Christer Pettersson blei «klubba ned» då han ropa ut: «Lisbet Palme! Olof Palme sitter i sin himmel och tycker inte om hvad du sejer!»
Christer Pettersson blei dømd i tingretten og seinare frikjend i Svea hovrett. Mordvåpenet mangla, og det var motiv nok at livet til Christer Pettersson hadde gått «i dass» og Palme hadde styrt Sverige. Det måtte ikkje finnast tvil i ei mordsak. Og den svenske folket synest også å meine at det ikkje var nokon dimensjon over at Olof Palme skulle bli drepen av ein tilfeldig fyllik på Sveavegen.
Palmegranskingane har hittil kosta rundt 400 millionar kroner og held stadig på, i dag leia av Krister Petersson, ironisk nok. Stadig nye spor og «drapsmenn» dukkar opp med løysingar, men det viser seg ved nærmare gransking at det ikkje held vatn i ein rettssal. Sams for alle granskingane synest vera at det svenske politiet gjorde ein dårleg jobb like etter mordet, og det må dei betale for i dag, 32 år etterpå. Det har gått så lang tid at dei fleste involverte er døde – både Christer Pettersson og Stig Engström, som blei presentert som drapsmann i Magasinet Filter for nokre dagar sidan.
Til det svenske politiets ros skal seiast at drapet på den kjende politikaren Anna Lindh i 2003 «straks» blei oppklara, men så blei også mordaren gripen så å seia på åstaden i magasinet NK.
Våre svenske vener må nok leva med sine traume. Dei kan nok leve med det uoppklara mordet på Karl den tolvte, men verre er det å leva med at mordet på Olof Palme ikkje er oppklara. Vi får vone at det ikkje går 300 år.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Marie Blokhus, Gard Skagestad og Kirsti Refseth spelar stykket til den tyske dramatikaren Marius von Mayenburg.
Foto: Monica Tormassy / Det Norske Teatret
Kven har makt over kven?
Velspelt om medviten og umedviten makt, sanning, manipulasjon og illusjon.
The Lady (Willa Fitzgerald) må flykte frå ein galen mann.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkfilmen Strange Darling tuklar med tida for å trekke i gang tankane.
President Joe Biden (f. 1942) og statsminister Jonas Gahr Støre (f. 1960) stiller opp til familiefoto på Nato-toppmøtet i Washington i år.
Foto: Javad Parsa / NTB
Å fjerne Støre no vil vere ei panikkhandling som skaper fleire problem enn det løyser for Arbeidarpartiet.
Ein demonstrant med gassmaske protesterer i Tblisi 2. desember mot at den nye regjeringa vil leggja vekk EU-søknaden.
Foto: Irakli Gedenidze / Reuters / NTB
«Med unntak av presidenten har ikkje demonstrantane i Georgia stor tiltru til politikarane.»
Sveinung Rotevatn (V), som ser opp, talte ikkje under behandlinga av den nye abortlova 3. desember. Den som gjekk fram til talarstolen flest gonger, var Marian Hussein (SV).
Foto: Thomas Fure / AP / NTB
Mors liv i salen
Debatten vi fekk høyre då den nye abortlova blei behandla tysdag, strekte seg frå 10.00 til 14.30, frå 1915 til framtida og frå fosteret til den store verda.